6. runde haustturneringa, oppsett |
11 Nov 2008 skrevet av asmund |
Måndag 17. november speler vi sjette og nest siste runde i haustturneringa: Gunnar Gisnås - Matts Eriksen Richardson Dayvid Fernandes - Åsmund Forfang Lars Lium - Rudi Kilen Kjell Næssvold WO |
Lynrunde 10. november |
11 Nov 2008 skrevet av asmund |
Sju medlemmer var møtt opp til ein dobbel lynrunde i går. Ein måtte dra etter halvspelt dobbelrunde, dermed vart det 11 rundar. Matts gjorde nesten reint bort, det poenget han avgav, var etter at Lars hadde tapt på tid, men kunne påvise tvungen matt på 2-3 trekk. Resultat: Matts Eriksen 10 (av 11) Åsmund Forfang 8 Rudi Kilen 5 Lars Lium 5 Gunnar Gisnås 4 1/2 Marius Eriksen 3 1/2 Shamil Shkalahov 0 |
3. runde i haustturneringa |
03 Nov 2008 skrevet av asmund |
Det var tredje runde, ikkje fjerde som skulle spelast i kveld, måndag 2. november. Dessutan var partia ført opp med feil farge på spelarane her på heimesida, så opptil fleire møtte proppfull av forberedt teori utan nytte. Så mykje er teori verdt ... Resultat: Richardson Dayvid Fernandes - Kjell Næssvold 0-1 Åsmund Forfang - Rudi Kilen 1-0 Gunnar Gisnås - Lars Lium 0-1 Gunnar fekk opp ei knugande god stilling mot Lars, Lars var innlåst med heile menasjeriet av offiserar, men greidde på mirakuløst vis å banke seg ut av fengselet - og til ein seier som var overraskande for oss som såg Gunnars opningsstilling. Rudi trekte litt uforsiktig tidleg i opninga i ein lukka sicilianer, og frå da av fekk Åsmund eit større og større initiativ som endte med katastrofe for Rudi. Kjell måtte slite mot ein angrepsvillig Richardson, men manøvrerte med sikker forsvarshand og utnytta det materielle overtaket han etter kvart fekk. Etter fem av sju rundar er stillinga slik (WO rekna som 1 poeng): Kjell Næssvold 5 Åsmund Forfang 4 1/2 Matts Eriksen 3 Rudi Kilen 3 Lars Lium 2 1/2 Richardson Dayvid Fernandes 2 Gunnar Gisnås 1 Om fjorten dagar, den 17. november, speler vi sjette og nest siste runde (og denne gongen er oppsettet kvalitetssikra!): Gunnar Gisnås - Matts Eriksen Richardson Dayvid Fernandes - Åsmund Forfang Lars Lium - Rudi Kilen Kjell Næssvold WO |
Oppsett fjerde runde i haustturneringa |
31 Oct 2008 skrevet av asmund |
3. november blir fjerde runde i haustturneringa avvikla med desse partia: Kjell Næssvold - Richardson Dayvid Fernandes Lars Lium - Gunnar Gisnås Rudi Kilen - Åsmund Forfang Matts Eriksen har walkover. |
Kjell Næssvold med full pott så langt |
31 Oct 2008 skrevet av asmund |
Det siste partiet i femte runde av haustturneringa vart avvikla måndag 27. oktober: Matts Eriksen - Kjell Næssvold 0-1 Kjell trekte altså det lengste strået - men var nær ved å tape i dette lange og spennande partiet - 76 trekk i alt. Hadde Matts funne det beste trekket i trekk 46, er sjansen stor for at Kjell måtte ha funne seg i ein null i protokollen ... Partiet blir lagt inn i partibasen "Høstturneringer" med det første. Dermed er Kjell den einaste som har full pott i haustturneringa så langt. Mens dette partiet pågjekk, utkjempa dei fire andre frammøtte ein hard dyst i hurtigsjakk, to rundar med 10 minutt tenketid. Rudi fekk her sitt endelege gjennombrudd i retning twistposane: Rudi 5 (av 6) Åsmund 4 Lars 2 Claudio 1 |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 238 239 ... 241 ... 243 ... 245 ... 247 ... 249 ... Next >>