Konrad: Matts auka i tet, Rudi i slag |
17 Feb 2009 skrevet av asmund |
Fire deltakarar møtte opp til dyst om nye Konrad-poeng måndag. På ny skåra Matts hakket betre enn konkurrentane: Matts Eriksen 16 (av 18) Åsmund Forfang 14 Rudi Kilen 10 Gunnar Gisnås 8 Etter denne runden kom Lars rekande, mens Gunnar stakk tilbake til Børsa. I den påfølgjande doble lynrunden hadde Rudi kvelden, særleg Åsmund fekk unngjelde med to knusande tap. Resultat: Rudi Kilen 4 (av 6) Matts Eriksen 4 Åsmund Forfang 2,5 Lars Lium 1,5 Samanlagte poengsummar i 4 rundar i Konrad-turneringa: Matts Eriksen 51 Åsmund Forfang 44 Rudi Kilen 36 Gunnar Gisnås 31 Lars Lium 28 Marius Eriksen 18 |
Terminlista for våren |
16 Feb 2009 skrevet av asmund |
Endeleg har formannen fått ut fingeren og lagt ut terminlista for våren - den ligg på "Om oss". |
Orkdal til topps i 2. divisjon |
16 Feb 2009 skrevet av asmund |
Etter helgas serierunde er Orkdal på toppen av 2.divisjonstabellen i Midt-Norge med 8 poeng, 1 poeng framfor Svartlamon 1. Dersom vi skårar 2 poeng på dei to siste kampane, som blir spelt i mars, vinn vi divisjonen. Svartlamon har nemleg berre ein kamp igjen og får maksimalt 9 poeng. |
Ny seier i seriesjakken |
15 Feb 2009 skrevet av asmund |
Orkdal sjakklubb fekk inn ein ny solid seier i Midtnorgeserien i dag med 4-0 over Trondheim 4, ungdomslaget til Trondheim sjakkforening. Seieren var ikkje så "stor" som talet 4-0 gir inntrykk av, vi måtte slite på 1. til 3. bord, der vi var klare ratingfavorittar. På 4. bord slo Rudi derimot til med ein nokså rask seier. Matts på 2. bord gav lett offiser for to bønder, det var ikkje sikkert at det ville gå bra. Åsmund stod i lik stilling heilt til motstandaren gjorde eit par store feil, litt hastig trekt i eit ellers solid parti. Hallvar legg snart ut ein analyse av alle fire partia her på heimesida. Resultat (Orkdal-spelarane til venstre): Hallvar Gisnås (1562) - Ole Jakob Hegelund (1429) 1-0 Matts Eriksen (1520) - Sigurd Stenvik (1206) 1-0 Åsmund Forfang (1397) - Espen Arild Jenssen (1066) 1-0 Rudi Kilen (916) - Bernhard Hegelund (925) 1-0 |
2. runde klubbmesterskapet |
09 Feb 2009 skrevet av asmund |
Litt omrokeringar pga sjukdom førte til to parti i kveld: Rudi Kilen - Matts Eriksen 1/2-1/2 Shamil Shkalahov - Åsmund Forfang 0-1 Måndag 16. februar blir det hurtigsjakk. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 215 216 217 218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 ... 235 ... 237 ... 239 ... 241 ... 243 ... 245 ... 247 ... Next >>