Haustsesongen i gang 24. august |
18 Aug 2009 skrevet av asmund |
Orkdal sjakklubb startar haustsesongen på Strandheim 24. august kl. 19.00. Velkommen til nye og gamle medlemmer! I haust konsentrerer vi oss om langsjakk, altså skikkeleg sjakk. Det blir ei haustturnering som startar 31. august - påmelding seinast ved oppmøte, helst før. Du kan melde deg på ved å møte opp på Strandheim 24. august, eller på telefon/sms til 913 25 872. Etter kvar andre runde har vi ein kveld der nødvendige hengeparti blir avvikla. På dei kveldane kan dei som ikkje speler hengeparti, vere med på å diskutere og analysere tidlegare avvikla parti, eller spele reine treningsparti, altså utan at vi set opp ei turnering for kvelden. To lynkveldar og kanskje eit par kveldar med hurtigsjakk blir også aktuelt. VEL MØTT! |
Haustsesongen startar i slutten av august |
20 May 2009 skrevet av asmund |
Så er altså vårsesongen avslutta - takk for den. Litt amputert vart den, ettersom vi måtte avbryte langsjakkturneringa. Men vi planlegg å mobilisere mange til ei oppkjøring til haustsesongen gjennom ei laurdagsturnering på Fannarheimr i slutten av august. Følg med! Og god sommar! |
Jamt i tet i siste Konrad-runde - Matts med klar margin samanlagt |
20 May 2009 skrevet av asmund |
Måndag 18. mai avslutta vi vårsesongen i klubben med siste runde i Konrad-turneringa. Uvanleg tett i teten denne gongen. Men i samanlagtstillinga var det ingenting å gjere med Matts. Resultat: Lars Lium 10 (av 12) Matts Eriksen 10 Åsmund Forfang 10 Shamil Shkalahov 6 Rudi Kilen 4 Samanlagtresultat: Matts Eriksen 159 Åsmund Forfang 140 Lars Lium 111 Rudi Kilen 99 Gunnar Gisnås 43 Marius Eriksen 43 Shamil Shkalahov 20 Krezten Risli 13 |
Besøk frå Horg - seier til Kjell |
20 May 2009 skrevet av asmund |
Måndag 11. mai hadde vi hyggeleg besøk av Torbjørn, Hans og Tore frå Horg sjakklubb. Ei raudvinsflaske var førstepremien i ei handikappturnering der tenketida var berekna ut frå ratingstyrke. Høgstrata Kjell måtte greie seg med 2 minutt mot 18 i fleire parti - men henta likevel heim ein solid seier! Resultat: 1 Kjell Næssvold 5 1/2 (av 6) 2 Tore Skjærvold 4 (best kvalitet av dei tre med 4 poeng) 3 Åsmund Forfang 4 4 Matts Eriksen 4 5 Torbjørn Hindseth 3 1/2 6 Rudi Kilen 3 7 Hans Andreassen 2 8 Gunnar Gisnås 2 9 Lars Lium 1 10 Marius Eriksen 1 |
Besøk frå Horg førstkommande måndag (11. mai) |
07 May 2009 skrevet av asmund |
Horg sjakklubb har meldt sin ankomst til Orkdal sjakklubbs lokale på Strandheim førstkommande måndag. Det blir ei handikapturnering med ei flaske raudvin som førstepremie. Velkommen til både Horg-folk og Orkdals-folk! |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 211 212 213 214 215 216 217 218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 ... 241 ... 243 ... 245 ... 247 ... Next >>