Nyheter


Innkalling til årsmøte 2011

05 Dec 2011 skrevet av asmund
Det blir med dette kalla inn til årsmøte i Orkdal sjakklubb måndag 19. desember kl 19.00 på vanleg stad, bygg G på Follo, Orkdal vidaregåande skole.

Vanlege årsmøtesaker.

Meld innsendte saker til formannen, så kjem dei opp her på heimesida.

Valgkomitéen må sette seg i arbeid!

Siste runde i haustturneringa 12. desember - oppsett

05 Dec 2011 skrevet av asmund
Oppsett for femte og siste runde i haustturneringa:
Kjell Næssvold - Åsmund Forfang
Rudi Kilen - Lars Lium
Arne Samskott - Matts Eriksen

Kjell er alt vinnar av turneringa med fire strake så langt, ingen kan ta han igjen. Stillinga før siste runde:

Kjell Næssvold 4
Åsmund Forfang 2,5
Lars Lium 2,5
Matts Eriksen 2
Rudi Kilen 1
Arne Samskott 0

Remis i hengeparti

05 Dec 2011 skrevet av asmund
Eit hengeparti frå 2. runde vart avgjort i dag, Lars mot Åsmund. Sist måndag vart partiet avbrote i nokså lik stilling. Etter få trekk gjorde så Lars ei feilvurdering som gav Åsmund stor fordel, som berre auka. Så presterte han å rote bort fordelen på +6,5 gjennom to vanvittige trekk. Mot slutten var det Lars som stod til klar fordel i eit nokså vrient sluttspel med fribønder på begge sida av brettet. Men ei feilvurdering førte altså partiet til remis, nokså rettferdig etter tabbar og spel ...

Altså: Lars Lium - Åsmund Forfang 1/2 - 1/2

Seier til Orkdal i seriesjakken

04 Dec 2011 skrevet av asmund
Bra innsats i dag mot Svartlamon, 2,5-1,5:

Resultat (Orkdal i store bokstavar):
Thor Arne Wullum - KJELL NÆSSVOLD 0-1
MATTS ERIKSEN - Roald Arentz 0-1
Henrik Karlstrøm - ÅSMUND FORFANG 0-1
RUDI KILEN - Birger Kvam 1/2 - 1/2

2. runde i seriesjakken søndag 4. desember

30 Nov 2011 skrevet av asmund
Orkdal har heimekamp mot Svartlamon søndag 4. desember. Orkdal vidaregåande skole, bygg G, klokka 12.00.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 201 202 203 204 205 206 207 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... 238 ... 240 ... 242 ... 244 ... 246 ... 248 ... 250 Next >>

Powered by CuteNews