Vi har no flytta til Follo - Orkdal vidaregåande skole |
20 Jan 2011 skrevet av asmund |
Klubbkveldane våre er no i bygg G på Follo, kvar måndag klokka 19.00. Velkommen til både nye og gamle medlemmer! |
Tap i seriesjakken mot Trondheim 2 |
20 Jan 2011 skrevet av asmund |
Vi gjekk på eit stortap mot Trondheim 2 i seriesjakken søndag 16. januar med siffera 1/2 - 4 1/2. Etteranalysen på klubbkvelden på måndag viste likevel at fleire av våre spelarar hadde sjansar til å ta heim fleire poeng, men altså forspelte sjansane ... Men sånn er det som regel, at det er den som utnyttar sjansane sine, som vinn ... |
Vårsesongen begynner 17. januar på Follo |
10 Jan 2011 skrevet av asmund |
Måndag 17. januar kl. 19.00 blir første klubbkveld etter jul. Vi har altså flytta til Follo, Orkdal vidaregåande skole, G-bygningen. Velkommen både nye og gamle sjakkspelarar! |
Orkdal sjakklubb flyttar til Follo - Orkdal vidaregåande skole |
21 Dec 2010 skrevet av asmund |
Frå årsskiftet flyttar Orkdal sjakklubb frå Strandheim til Follo, Orkdal vidaregåande skole. Der får vi bruke eit fint spelelokale, og vi håpar at sjakkspelande follotrælar stikk innom oss. Tidspunkt og stad for oppstarten i januar blir behørig annonsert både ved oppslag og her på heimesida vår. |
Matts klubbmester i lyn |
21 Dec 2010 skrevet av asmund |
Full pott for Matts i klubbmesterskapet i lyn, som vart arrangert etter årsmøtet i går kveld. Ikkje alle seirane var like bombesikre eller fortente, må vi andre få lov til surmulande å påstå, men skiljet går ofte der: mellom dei som er gode nok til ikkje å gjere feila, og dei andre ... Resultat Matts Eriksen 6 (av 6) Åsmund Forfang 3 Lars Lium 2 Rudi Kilen 1 |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 195 196 197 198 199 200 201 202 203 204 205 206 207 208 209 210 211 212 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 ... 241 ... 243 ... 245 ... 247 ... 249 ... Next >>