Sjakklubben tar sommarferie. Velkommen tilbake i slutten av august!
God simultan av klubbmesteren
29 May 2019 skrevet av asmund
Tirsdag 28. mai spelte klubbmester Atle Asbøll Magnussen 17 simultanparti mot eit samansett lag frå både barne- og vaksensjakklubben. Resultatet vart flott for hans del: 13 seirar, 3 remis og berre 1 tap.
Simultan med klubbmesteren 28. mai
22 May 2019 skrevet av asmund
Den siste sjakkkvelden før sommaren, tirsdag 28. mai, er tradisjonen tru ein simultan med klubbmesteren, som i år er Atle Asbøll Magnussen. Velkommen kl. 19.00!
Atle Asbøll Magnussen klubbmester i langsjakk
22 May 2019 skrevet av asmund
Atle Asbøll Magnussen vart klubbmester i langsjakk etter å ha gått seirande ut av omspelet mot Thor Kristian Strøm Karlsen tirsdag 21. mai. Etter dei to hurtigsjakkpartia stod det 1-1, men Atle vann begge lynpartia.
Omspel om seieren i klubbmesterskapet 21. mai, og etterpå hurtigsjakk
16 May 2019 skrevet av asmund
Tirsdag 14. mai vann Atle Asbøll Magnussen det siste partiet i klubbmesterskapet mot Åsmund Forfang, og dermed blir det omspel mellom han og Thor Kristian Strøm Karlsen om seieren i turneringa tirsdag 21. mai. Det blir først to parti hurtigsjakk, så eventuelt to lynsjakkparti, og er ikkje seieren i boks da, blir dysten avgjort ved eit armageddonparti.
Når mesterskapet er avgjort, blir det ein vanleg hurtigsjakkrunde.