Velkommen til ny hurtigsjakkveld tirsdag 30. august kl. 19.00.
Klubbmesterskapet i langsjakk 2022
18 Aug 2022 skrevet av asmund
Klubbmesterskapet i langsjakk blir arrangert i haust med første runde tirsdag 6. september. Påmeldingsside i Turneringsservice skal bli lagt ut snart.
Oppstart i sjakklubben 23. august
18 Aug 2022 skrevet av asmund
Tirsdag 23. august startar vi årets haustsesong med ein runde hurtigsjakk. Start kl. 19.00. Velkommen!
Terminlista for hausten finn du under Om oss.
Sjakkfeiden Jämtland/Härjedalen-Trøndelag 3.-4. september
13 Jul 2022 skrevet av asmund
Den tradisjonelle turneringa mellom Jämtland/Härjedalen og Trøndelag blir i år arrangert i Östersund 3.-4. september. Det er fritt for alle til å melde seg på Trøndelags lag. Informasjon og påmelding her.
Om haustsesongen 2022
22 Jun 2022 skrevet av asmund
Så håpar vi at vi til hausten endeleg får ein normal sesong i sjakklubben etter alt koronatrøbbelet. Vi legg opp til at vi skal gjennomføre den tradisjonelle haustturneringa i langsjakk, og at det blir eit variert tilbod med lyn- og hurtigsjakk og reine treningskveldar kvar tirsdag fram til jul.
Oppstartsdatoen er ikkje bestemt, men kan ligge an til å bli tirsdag 24. august.