Nyheter


Lars eller Matts kan bli klubbmeister

22 Apr 2008 skrevet av asmund
Før sjuande runde i klubbmesterskapet er det klart at berre Lars og Matts kan nå opp til meisterplass. Partiet mellom dei to i siste runde blir ein finalematch - dersom Lars vinn, blir han meister, mens Matts greier seg med remis.

I sjette og nest siste runde vart det den 21. april avvikla to parti:

Lars Lium - Richardson D. Fernandes 1-0
Gunnar Gisnås - Åsmund Forfang 0-1

Partiet Rudi Kilen - Shamil Shkalahov vart dømt til 1-0 pga. manglande oppmøte

Før 7. og siste runde 5. mai er stillinga denne:

Lars Lium 5 1/2 (av 6)
Matts Eriksen 5 (av 5 - har eit utsett parti igjen)
Åsmund Forfang 4 1/2
Gunnar Gisnås 3
Rudi Kilen 2 1/2
Richardson D. Fernandes 2 1/2
Shamil Shkalahov 0

Siste runde 5. mai
Matts Eriksen - Lars Lium
Åsmund Forfang - Rudi Kilen
Richardson D. Fernandes - Gunnar Gisnås
Shamil Shkalahov har WO.

Oppsett klubbmesterskapet 21. april

15 Apr 2008 skrevet av asmund
Måndag 21. april speler vi 6. runde i klubbmesterskapet:

Lars Lium - Richardson Dayvid Fernandes
Gunnar Gisnås - Åsmund Forfang
Shamil Shkalahov - Rudi Kilen
Matts Eriksen WO

Handikap-twist + lyn sist måndag

15 Apr 2008 skrevet av asmund
Fem medlemmer møttest til dyst i Orkdal sjakklubbs lokale sist måndag, til ein runde tidshandikap + 1 runde lyn. Da snur fort mange parti sånn omtrent når klokka går i mål ...

Resultat

Åsmund Forfang 8 (av 8)
Lars Lium 5 1/2
Rudi Kilen 3 1/2
Gunnar Gisnås 2 1/2
Shamil Shkalahov 1/2

To parti i klubbmesterskapet

08 Apr 2008 skrevet av asmund
To parti i klubbmesterskapet vart spelt på måndag:

Shamil Shkalahov - Gunnar Gisnås 0-1
Åsmund Forfang - Lars Lium 1/2-1/2

Det siste partiet var ein underhaldande batalje, der Åsmund kjørte ein ekte dronninggambit og gav bort c-bonden langsiktig for å få aktivt spel. Idet han langt uti spelet tok tilbake bonden, vart han for bondegrådig og sette bort den verdifulle kvitfeltsløparen. Lars stod da til klokkeklar seier. Men Åsmund pressa med dei brikkane som var att, og Lars sette så bort springaren sin. Sjølv om Åsmund straks snappa også ein bonde og låg materielt over, var stillinga nokså remisaktig, og Lars greidde å tvinge fram remis ved trekkgjentaking. Sjå partisamlinga.

Det tredje partiet (Richardson D. Fernandes - Matts Eriksen) vart utsett pga. utanlandsreise.

Lynseier til Åsmund

05 Apr 2008 skrevet av asmund
Fire medlemmer utkjempa ein firedobbel lynrunde måndag 31. mars. Det var lenge close race i teten mellom Matts og Åsmund, men for kvar gong dei to møttest, rykka Åsmund eit heilpoeng ifrå, og da gjorde det lite at Gunnar fekk inn eit knusande slag: Åsmund vann ein historisk stor seier og eini ny twistpose, der lakrisen vart knerta først!

Åsmund Forfang: 11 (av 12)
Matts Eriksen: 7
Gunnar Gisnås: 4
Rudi Kilen: 2

Kommande måndag er det altså femte runde i klubbmesterskapet.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 ... 169 ... 171 ... 173 Next >>

Powered by CuteNews