Seks medlemmer stilte til ein hurtigsjakkrunde 15. januar, og Åsmund Forfang gjekk til topps med 4 poeng av 5, på andreplass kom Jørn Leistad med 3 1/2.
Velkommen til nytt år i sjakklubben tirsdag 15. januar
14 Jan 2019 skrevet av asmund
Vi startar opp igjen etter jule- og nyttårsfeiring med ein runde hurtigsjakk tirsdag 15. januar kl. 19.00. Velkommen!
God jul!
20 Dec 2018 skrevet av asmund
Vi ønsker alle medlemmene ei god jul, sikkert med TV-sendinga frå VM i lyn- og hurtigsjakk påslått. Første klubbkveld i 2019 blir 15. januar.
Kjell Næssvold klubbmester i lynsjakk
20 Dec 2018 skrevet av asmund
Etter årsmøtet 18. desember vart det spelt 14 rundar med lynsjakk i det årlege klubbmesterskapet. Kjell Næssvold gjekk til topp med pene 13 1/2 poeng, Åsmund Forfang på andreplass med 10 1/2 poeng og Lars Lium og Matts Eriksen på ein delt tredjeplass med 8 poeng. Ellers deltok Jørn Leistad, Arne Samskott, Rudi Kilen og Tom Magnussen.
Årsmøte med gjenvalg
20 Dec 2018 skrevet av asmund
Åtte medlemmer deltok på årsmøtet i Orkdal sjakklubb 18. desember. Det vart gjenvalg av heile styret. Leiar Kjell Næssvold var ikkje på valg.