Første runde i klubbmesterskapet i langsjakk 2. februar |
27 Jan 2016 skrevet av asmund |
Tirsdag 2. februar startar vi opp klubbmesterskapet i langsjakk. Dei som ikkje er påmeldt enno, kan melde seg på ved oppmøte. Døra opnar klokka 18.30. Velkommen! |
Jørn Leistad i teten i Konrad-turneringa |
27 Jan 2016 skrevet av asmund |
I den litt uhøgtidelege Konrad-turneringa i hurtigsjakk som går utover heile vårhalvåret, er Jørn Leistad i teten etter runden tirsdag 26. januar. Resultat 26. januar: Jørn Leistad 14 (av 15) Lars Lium 12 Åsmund Forfang 12 Rudi Kilen 10 Tom Vidar Magnussen 10 Arnstein Skåra 9 Arne Samskott 8 Stillinga etter to rundar: Jørn Leistad 21 Åsmund Forfang 19 Rudi Kilen 17 Lars Lium 17 Tom Vidar Magnussen 15 Arnstein Skåra 12 Kjell Næssvold 9 Arne Samskott 8 Pål Smebye 5 |
Ny hurtigsjakkrunde + Ekstraordinært årsmøte 26. januar |
25 Jan 2016 skrevet av asmund |
Det blir ny runde i Konrad-turneringa i hurtigsjakk tirsdag 26. januar. 25 minutt betenkningstid om antal oppmøtte blir eit partal, 15 minutt om det blir eit oddetal (for å unngå for lang ventetid ved walkover). Først, frå 19.00 til 19.05, har vi ekstraordinært årsmøte for formelt å godkjenne rekneskapen for 2015. Årsmøtet startar presis. Velkommen! |
"Konrad"-turnering utover vinteren og våren |
20 Jan 2016 skrevet av asmund |
Hurtigsjakk-kveldane i sjakklubben utover våren vil danne ei såkalla Konrad-turnering - kvar kveld blir ei sjølvstendig lita turnering, men resultata blir lagt saman i ein eigen tabell med ei eiga poenggiving: 3 for seier, 2 for remis, 1 for tap, slik at alle oppmøtte blir premiert med minst 1 poeng pr. parti. Alle som har møtt opp minst ein gong, deltar altså i turneringa, og det er ingen form for oppmøteplikt. Her skal lystprinsippet gjelde. Det blir premiering ved slutten av sesongen. Dersom antal oppmøtte er eit partal, blir tenketida 25 minutt, ved oddetal 15 minutt (for å gjere ventetida under walk-over til å halde ut ...). Første Konrad-runde vart gjennomført tirsdag 19. januar med dette resultatet: Kjell Næssvold 9 (av 9) Rudi Kilen 7 Åsmund Forfang 7 Jørn Leistad 7 Pål Smebye 5 Lars Lium 5 Tom Vidar Magnussen 5 Arnstein Skåra 3 |
Tap i 3. runde i seriesjakken |
18 Jan 2016 skrevet av asmund |
Orkdal tapte 2,5-1,5 mot Trondheim 3 i 2. divisjon i Seriesjakkens Midtnorge-serie 17. januar. Remis på førstebord, seier på andrebord og tap på tredje- og fjerdebord. Tabell finn du her. Neste runde, mot Trondheim 4, er heimekamp for oss og blir avvikla 7. februar. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... Next >>