Nyheter


Første dag i sjakk-NM i Trondheim

12 Jul 2014 skrevet av asmund
Tre seirar og to tap vart resultatet for Orkdals fem deltakarar i NM i sjakk, som begynte i dag.

I miniputt imponerte Eivind Andreas Almli med å slå kretsmesteren i Møre og Romsdal Niklas Unneland i eit overbevisande parti.

Både Lars Lium og Hans B. Andreasen vann partia sine i klasse 3. Dei to som tapte, var Rudi Kilen i klasse 4 og Åsmund Forfang i klasse 3.

Men det er åtte parti til å gjere det på!

Turneringar i Trondheim 5.-10. juli

01 Jul 2014 skrevet av asmund
Det blir avvikla fire sjakkturneringar i Trondheim i tidsrommet 5.-10. juli, altså i veka før NM begynner, alle på Rosenborg skole:

Langsjakk 5.-6. juli.

Hurtigsjakk 8. juli.

Lynsjakk 9. juli.

Gullkongen Barnas Grand Prix 10. juli.



God sommar - og godt NM i Trondheim i juli

23 Jun 2014 skrevet av asmund
Også sjakklubben tar sommarferie, den siste kvelden var 17. juni.

God sommar! Og lykke til for dei som skal delta i NM!

Klubbmesterskapet 2014 avslutta

23 Jun 2014 skrevet av asmund
Det siste partiet i klubbmesterskapet 2014 vart spelt 17. juni:

Åsmund Forfang - Åsmund Almli 1-0

Sluttstillinga i klubbmesterskapet:

Åsmund Forfang 5 (av 5)
Hans Andreasen 4
Rudi Kilen 3
Arne Samskott 2 1/2
Lars Lium 2 1/2
Åsmund Almli 2
Lars Garberg 1

Før-NM-sjakk 17. juni

17 Jun 2014 skrevet av asmund
Velkommen til ny trenings- og spelekveld i sjakklubben i kveld, tirsdag 17. juni. Oppmøte klokka 18.30.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 Next >>

Powered by CuteNews