Hurtigsjakk + utsette turneringsparti 25. november |
19 Nov 2014 skrevet av asmund |
Tirsdag 25. november blir det meir hurtigsjakk. Velkommen! Oppmøte klokka 18.30. To utsette parti i 6. runde haustturneringa må også bli spelt: Kjell Næssvold - Arnstein Skåra Åsmund Forfang - Matts Eriksen |
Stort oppmøte for tida! |
19 Nov 2014 skrevet av asmund |
16 sjakkspelarar var møtt fram sist tirsdag - med Magnus Carlsen har sjakken fått vind i segla! Og vi hadde tatt med for få sjakk-klokker, slik at fire av dei mest garva stod som tilskuarar til basketaka på bretta. Ein tidshandikapprunde fekk dette resultatet: 1 Jon M Selbekk 5 p (av 5) 2 Morten Garberg 4 p 3 Torbjørn Smørgrav 3 p vidare deltok Sindre Mælen, Tom Magnusen, Morten Skarholt, Isak Smørgrav, Marte Skarholt. Berre to parti i 6. runde i haustturneringa kunne avviklast pga. forfall: Arne Samskott-Rudi Kilen 1-0 Eivind Andreas Almli-Åsmund Almli 0,5-0,5 |
Sjakkturnering i Stjørdal 21.-23. november |
13 Nov 2014 skrevet av asmund |
Hell sjakklubb arrangerer ei turnering i langsjakk fredag 21.-søndag 23. september i Stjørdal. Turneringa går inn i ISBRE Norges Grand Prix 2014-2015. Informasjon og påmelding her. |
Hurtigsjakk + 6. runde i haustturneringa tirsdag 18. november |
12 Nov 2014 skrevet av asmund |
Velkommen tirsdag 18. november til hurtigsjakk for deg som ikkje er med i haustturneringa. Oppmøte kl. 18.30. I tillegg blir det avvikla tre parti i 6. og nest siste runde i haustturneringa: Kjell Næssvold - Arnstein Skåra Arne Samskott - Rudi Kilen Eivind Andreas Almli - Åsmund Almli Eitt parti i 6. runde vart avvikla sist tirsdag: Hans B. Andreasen - Lars Lium 1-0 Partiet Åsmund Forfang - Matts Eriksen blir utsett pga. reise. |
Stort frammøte på hurtigsjakken |
12 Nov 2014 skrevet av asmund |
Vi hadde 24 deltakarar på hurtigsjakkturneringa tirsdag 11. november, med besøk frå både Hell og Melhus. Her var det både barn og vaksne, ferske spelarar og folk på meisternivå. Stor stemning og fin avvikling med Hells Torbjørn Dahl som turneringsledar. Hyggeleg for oss av vår eigen Kjell Næssvold gjekk til topps med fem strake seirar, med Hells Trygve Dahl på andreplass og Orkdals Matts Eriksen på tredje. Resultatlista vil etter kvart bli lagt ut her. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 ... 241 ... 243 ... 245 ... 247 ... 249 ... Next >>