Nyheter


Lynrunde 24. januar

24 Jan 2011 skrevet av asmund
Total utklassing frå Kjell i årets første lynrunde:

Kjell Næssvold 11 1/2 (av 12)
Åsmund Forfang 6 1/2
Matts Eriksen 4 1/2
Lars Lium 2

Vi har no flytta til Follo - Orkdal vidaregåande skole

20 Jan 2011 skrevet av asmund
Klubbkveldane våre er no i bygg G på Follo, kvar måndag klokka 19.00.

Velkommen til både nye og gamle medlemmer!

Tap i seriesjakken mot Trondheim 2

20 Jan 2011 skrevet av asmund
Vi gjekk på eit stortap mot Trondheim 2 i seriesjakken søndag 16. januar med siffera 1/2 - 4 1/2.

Etteranalysen på klubbkvelden på måndag viste likevel at fleire av våre spelarar hadde sjansar til å ta heim fleire poeng, men altså forspelte sjansane ... Men sånn er det som regel, at det er den som utnyttar sjansane sine, som vinn ...

Vårsesongen begynner 17. januar på Follo

10 Jan 2011 skrevet av asmund
Måndag 17. januar kl. 19.00 blir første klubbkveld etter jul.

Vi har altså flytta til Follo, Orkdal vidaregåande skole, G-bygningen.

Velkommen både nye og gamle sjakkspelarar!

Orkdal sjakklubb flyttar til Follo - Orkdal vidaregåande skole

21 Dec 2010 skrevet av asmund
Frå årsskiftet flyttar Orkdal sjakklubb frå Strandheim til Follo, Orkdal vidaregåande skole. Der får vi bruke eit fint spelelokale, og vi håpar at sjakkspelande follotrælar stikk innom oss. Tidspunkt og stad for oppstarten i januar blir behørig annonsert både ved oppslag og her på heimesida vår.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... Next >>

Powered by CuteNews