Sommarlynet tirsdag 7. juni |
01 Jun 2016 skrevet av asmund |
Vi avsluttar vårsesongen med eit sommarlyn tirsdag 7. juni. Det blir delt ut ein førstepremie. Start kl. 19.00. Velkommen til alle interesserte! |
Matts Eriksen vann siste hurtigrunde i vårsesongen |
01 Jun 2016 skrevet av asmund |
7 medlemmer stilte 31. mai til sesongens siste hurtigsjakkrunde. Resultat: Matts Eriksen 5 (av 6) Åsmund Forfang, Lars Lium og Kjell Næssvold 4, Jørn Leistad 2, Arne Samskott 1, Rudi Kilen 1 |
Klubbmesterskapet avgjort med hurtig- + lynsjakk |
01 Jun 2016 skrevet av asmund |
Lars Lium og Åsmund Forfang duellerte 31. mai gjennom to hurtigsjakkparti og to lynsjakkparti om førsteplassen i klubbmesterskapet i langsjakk. Hurtigsjakkduellen endte 1-1, men Åsmund vann begge lynsjakkpartia og vart dermed klubbmester 2016. Partiet Tom Vidar Magnussen - Arnstein Skåra vart også spelt: 1-0. Den endelege resultatlista: Åsmund Forfang og Lars Lium 5, Arne Samskott, Jørn Leistad og Pål Smebye 3 1/2, Rudi Kilen og Tom Vidar Magnussen 3, Arnstein Skåra 2 1/2, Catalin Tacu 1. |
Hurtigsjakk + avslutning på klubbmesterskapet 31. mai |
31 May 2016 skrevet av asmund |
Vi kjører ein siste hurtigsjakkrunde før ferien 31. mai. Men før den runden blir starta, skal klubbmesterskapet i langsjakk avgjerast ved at Lars Lium og Åsmund Forfang møtest i først to hurtigsjakkparti, så - dersom det da står likt - to lynparti, og til slutt - dersom det framleis står likt - eit armageddonparti for å få ein slutt på moroa. Dessutan skal det siste gjenståande partiet spelast: Tom Vidar Magnussen - Arnstein Skåra Velkommen - start kl. 19.00. |
Delt i teten i klubbturneringa |
27 May 2016 skrevet av asmund |
Det står enno eitt parti igjen i klubbturneringa, men det kan ikkje endre på tetbildet. Lars Lium og Åsmund Forfang har begge 5 poeng etter at sjette og siste runde er spelt. Det er enno ikkje bestemt korleis vinnaren skal kårast - enten på kvalitetspoeng eller ved omkamp med hurtig- og lynparti. Resultat 6. runde: Lars Lium - Rudi Kilen 1-0 Åsmund Forfang - Catalin Tacu 1-0 (dømt ved manglande frammøte) Jørn Leistad - Arne Samskott 1/2-1/2 Stillinga (før det siste partiet, Tom Vidar Magnussen - Arnstein Skåra, er spelt): Åsmund Forfang og Lars Lium 5, Arne Samskott, Jørn Leistad og Pål Smebye 3 1/2, Rudi Kilen 3, Arnstein Skåra 2 1/2, Tom Vidar Magnussen 2, Catalin Tacu 1. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 Next >>