Vårturneringa |
24 Feb 2012 skrevet av asmund |
Eitt parti i runde 3 avvikla tirsdag 21. februar: Åsmund Forfang - Matts Eriksen 0-1 28. februar avviklar vi det utsette partiet frå runde 2: Matts Eriksen - Kjell Næssvold |
3. runde i vårturneringa + Konrad-runde 21. februar |
17 Feb 2012 skrevet av asmund |
Førstkommande tirsdag blir det 3. runde i vårturneringa for dei som er med i den, og ny Konrad-runde med 30 minutt pr. spelar for dei andre. Oppsett vårturneringa: Åsmund Forfang - Matts Eriksen Lars Lium - Anders Husdal Kjell Næssvold WO |
Tap i seriesjakken |
11 Feb 2012 skrevet av asmund |
5. runde i seriesjakkens 2. divisjon Midt-Norge endte med tap for Orkdal mot heimelaget Elefantene (frå Trondheim), 0-4. Stillinga undervegs var slett ikkje så verst, men så er det å vere den som ikkje gjer den avgjerande feilen ... Nærast å unngå smultringen var Rudi, som gav opp i ei stilling som ved nærmare ettersyn viste seg å vere kliss remis. |
Parti i andre runde vårturneringa |
09 Feb 2012 skrevet av asmund |
Partiet Anders Husdal - Åsmund Forfang i andre runde vart flytta fram ei veke og vart avvikla sist måndag. Eit kvast og turbulent Max Lange-parti der Åsmund med svart - etter eit feiltrekk av Anders - fekk stor og avgjerande fordel, 6+. Men i gryande tidsnød oversåg Åsmund dei beste trekka, blant anna ein tvingande 2-trekksmatt i 35. trekk, og spelte bort overtaket, og partane vart enige om remis etter det 39. trekket. 1/2 - 1/2 |
Lyn eller hurtig eller Konrad neste kveld |
01 Feb 2012 skrevet av asmund |
Ikkje langsjakkturnering neste tirsdag (7. februar). Dei oppmøtte får valet mellom lyn, hurtig og Konrad. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 163 164 165 166 167 168 169 170 171 172 173 174 175 176 177 178 179 180 181 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 Next >>