Nyheter


Arne Samskott nr. 12 i amatør-VM

19 May 2013 skrevet av asmund
Arne Samskott oppnådde ein pen 12. plass i amatør-VM i sjakk på Kreta. Han fekk 5,5 poeng av 9. Det var 51 deltakarar i klasse G.

Resultata finn du her.

Arne Samskott ligg godt an på Kreta

14 May 2013 skrevet av asmund
Etter tre rundar i VM i sjakk for amatørar på Kreta ligg vår mann Arne Samskott på delt førsteplass med full pott, 3 poeng, saman med fire andre av dei 51 deltakarane i gruppe G. Dei tre seirane har gjort at han kan notere seg for ein formidabel ratingprestasjon på 2000.

I dagens parti (tirsdag) kan han sette seg på 1. bord og får da prøvd nivået sitt mot tyskaren Kick Manfred, som også har 3 poeng.

Du kan følge med her.

Arne til VM på Kreta

08 May 2013 skrevet av asmund
Førstkommande laurdag reiser vår medlem Arne Samskott til VM i sjakk for amatørar på Kreta. Lykke til!

Innsatsen til Arne kan du følge her.

Siste spelekveld før sommaren

08 May 2013 skrevet av asmund
Tirsdag 14. mai blir siste spelekveld før sommaren, med avsluttande Konrad-runde.

Klubbmesterskapet avslutta

08 May 2013 skrevet av asmund
Siste gjenverande parti i klubbmesterskapet vart avvikla i går kveld - eit dramatisk parti der Rudi stod til klar seier det meste av tida, men gjorde ein feil og nokså ufortent (må nedskrivaren av dette innrømme) tapte.

Rudi Kilen - Åsmund Forfang 0-1

Sluttstillinga i klubbmesterskapet:
Matts Eriksen 4
Åsmund Forfang 3
Lars Lium 2
Rudi Kilen 1
Arne Samskott 0

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 171 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 Next >>

Powered by CuteNews