Nyheter


2 x Almli i NM

07 Jul 2015 skrevet av asmund
Aasmund Almli og Eivind Andreas Almli er Orkdals to deltakarar i NM i sjakk som starta i helga. Aasmund speler i klasse 4, Eivind Andreas i yngste klasse, miniputt.

Etter fem rundar har begge meir enn halv score, og det er bra: Aasmund har 3 poeng av 5 og ligg som nr. 25 av 62 deltakarar i klasse 4. Eivind Andreas er hakket kvassare med 3,5 poeng av 5 og ligg som nr. 14 av 61 i miniputt.

Det er fire rundar igjen av turneringa, og alt kan enno skje ...

Hell Chess Event 26-28 juni - med kretsmesterskap

08 Jun 2015 skrevet av asmund
Det blir ei stor og rikhaldig sjakkhelg i Laanke Menighetshus 26.-28 juni i regi av Hell sjakklubb.

Langsjakkturneringa Hell Grand Prix - Isbre Norges Grand Prix blir avvikla med 6 rundar fredag til sundag. Deltakaravgift 500 kr for vaksne, 300 for junior. Pengepremiar. Turneringa er kretsmesterskap for Sør-Trøndelag.

Tidleg fredag ettermiddag blir det arrangert ei barneturnering over 6 rundar. Deltakaravgift 150 kr. Premie til alle.

Laurdag kveld er det lynturnering. Deltakaravgift 150 kroner. Pengepremiar.

Informasjon her. Du kan dessutan melde deg direkte med e-post til t76dahl@gmail.com.

Oppstart til hausten

27 May 2015 skrevet av asmund
Vi startar klubbkveldane til hausten tirsdag 25. august.

Dersom tirsdag er ein ikkje passar for deg, er det fint om melder om det til formann Matts Eriksen.

Resultatlista for klubbmesterskapet i langsjakk

27 May 2015 skrevet av asmund
Styret i sjakklubben har vedtatt at dei tre siste partia blir avgjort utan spel, ved dom, slik:

Gruppe A
Aasmund Almli - Matts Eriksen 1-0
Eivind Andreas Almli - Lars Lium 1-0
Gruppe B
Morten Garberg - Vidar Ysland 1/2-1/2

Da ser sluttresultatet slik ut:

Gruppe A
Hans B. Andreasen 4
Aasmund Forfang 3,5
Aasmund Almli 3
Matts Eriksen 2,5
Arne Samskott 2
Lars Lium 2
Rudi Kilen 1,5
Eivind Andreas Almli 1,5

Gruppe B
Arnstein Skaara 4
John Magne Selbekk 3,5
Tom Vidar Magnusen 3
Vidar Ysland 2,5
Martin Garberg 2,5
Morten Garberg 2,5
Krezten Risli 1
Gaute Berg 0

God sommar!

20 May 2015 skrevet av asmund
Da er vaarsesongen i Orkdal sjakklubb over. Siste spelekveld avvikla vi Sommarlynet. Fem medlemmer deltok, og vinnar av bokpremien vart Aasmund Forfang med 6,5 poeng av 8, med Eivind Andreas Almli like bak. Ellers deltok Rudi Kilen, Tom Magnussen og Arnstein Skaara.

GOD SOMMAR!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 Next >>

Powered by CuteNews