Nyheter


Premiering i hurtig- og lynsjakk på sjakkveldane i Orkland sjakklubb

30 Jul 2024 skrevet av asmund
I haust blir alle spelekveldar med hurtigsjakk, lynsjakk eller Fischer-sjakk rekna som ei felles turnering med eit samla resultat etter haustsesongen - med premiering: 1000 kroner til nr. 1, 750 for andreplass, 500 for tredjeplass.

Det blir eit eige poengsystem med poeng også for tap, som altså gir ekstrapoeng for oppmøte. Lynsjakk: 1/2 poeng for tap, 1 poeng for remis, 1 1/2 poeng for seier. Hurtigsjakk: 1 poeng for tap, 2 poeng for remis, 3 poeng for seier.

TERMINLISTA for hausten er lagt ut på OM OSS.

Hausten i sjakklubben startar 27. august

30 Jul 2024 skrevet av asmund
Velkommen til haustoppstart i sjakklubben tirsdag 27. august kl. 18.30. Vi startar med ein runde hurtigsjakk.

Tirsdagen etterpå, 3. september, gjennomfører vi første runde i haustturneringa i langsjakk. Der blir det pengepremiar som i klubbturneringa i vår: 1000 kroner til nr. 1, 750 for andreplass, 500 for tredjeplass, dessutan 500 for beste kadett og 500 for beste junior.

Du kan melde deg på haustturneringa til Åsmund Forfang, e-post aforfang@gode-manus.no / tlf. 913 25 872. Det vil også etter kvart bli lagt ut påmelding på nett.

Sjakkfeiden - Trøndelag mot Jämtland/Härjedalen i Östersund 24.-25. august

30 Jul 2024 skrevet av asmund
Den årlege sjakkfeiden mot Jämtland/Härjedalen blir arrangert i Östersund 24.-25. august, med langsjakk 24. og hurtigsjakk 25. august. Det er også muleg å melde seg på middagen om kvelden.

Påmelding må skje til Terje Lund, e-post: t-lun@online.no

Informasjon om turneringa finn du her.

Levanger GP 13.-15. september

30 Jul 2024 skrevet av asmund
Levanger sjakklubb er 100 år i år og arrangerer ei jubileumsturnering i langsjakk 13.-15. september, med ei innlagt lynsjakkturnering om kvelden 14. september. Meld deg på her.

God sommar!

29 May 2024 skrevet av asmund
Siste spelekveld i vår var tirsdag 28. mai, med simultan med klubbmeister Hallvard Rise. Ikkje så stort oppmøte i sommarvarmen, fire motstandarar stilte opp. Resultat: 2 1/2 - 1 1/2 til Hallvard.

Sjakklubben startar opp igjen i slutten av august.

<< Previous ... 2 ... 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... 238 ... 240 ... 242 ... 244 ... 246 ... 248 ... 250 ... 252 Next >>

Powered by CuteNews