Nyheter


4-1 i årsmøtesimultan

27 Dec 2012 skrevet av asmund
Årsmøtet i Orkdal sjakklubb vart avvikla 18. desember med seks frammøtte. Gjenvalg over heile linja: Hallvar Gisnås og Matts Eriksen i styret, Richardson Fernandes som varamedlem. Formann Åsmund Forfang var ikkje på valg i år.

Etter årsmøtet spelte haustturneringsvinnar Kjell Næssvold simultan mot resten av dei frammøtte, og berre Matts Eriksen greidde å stille han til veggs. Resultat: 4-1 i Kjells favør.

ÅRSMØTET 18. DESEMBER

12 Dec 2012 skrevet av asmund
Vi minner om årsmøtet i Orkdal sjakklubb tirsdag 18. desember kl. 19.00, som vanleg på Orkdal vidaregåande skole.

Vanlege årsmøtesaker.

Det blir servering.

Vinnar av haustturneringa Kjell Næssvold skal spele simultan mot resten av årsmøtedeltakarane.

Kjell Næssvold lynmester 2012

12 Dec 2012 skrevet av asmund
Sju medlemmer kjempa hardt om årets lynsjakktittel tirsdag 11. desember. Spenninga varte heilt til aller siste av dei 14 rundane. Da avgjorde Kjell kampen. Han var vel også favoritt, men det såg stygt ut for han med berre 50 prosent uttelling på dei fire første rundane. Men når han skåra 100 prosent på resten, heldt det å få vinflaska til odel og eige.

Resultat:
Kjell Næssvold 10 (av 12)
Rudi Kilen 9
Matts Eriksen 9
Åsmund Forfang 7,5
Lars Lium 4,5
Einar Hoston 2
Arne Samskott 1

Innkalling til årsmøte 2012 + simultanoppvisning!

04 Dec 2012 skrevet av asmund
Vi kallar med dette inn til årsmøte i Orkdal sjakklubb, på Orkdal vidaregåande skole tirsdag 18. desember kl. 19.00

Vanlege årsmøtesaker.

Etter at årsmøtet er heva, skal vinnaren av årets haustturnering, Kjell Næssvold, spele simultan mot resten av årsmøtedeltakarane. Du har altså ein god grunn til å stille opp!

Åpent klubbmesterskap i lynsjakk tirsdag 11. desember

04 Dec 2012 skrevet av asmund
Vi arrangerer åpent klubbmesterskap i lynsjakk på årets nest siste spelekveld, tirsdag 11. desember. Mesterskapet er åpent for alle.

Oppmøte på Orkdal vidaregåande skole kl. 19.00.

Velkommen!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 Next >>

Powered by CuteNews