Nyheter


Sjakkfeiden 29. august

13 Jul 2015 skrevet av asmund
Du kan no melde deg som deltakar i Sjakkfeiden mellom Midt-Norge og Midt-Sverige. Denne gongen blir den arrangert i Trondheim. Informasjon finn du her.

Resultat NM i sakk

13 Jul 2015 skrevet av asmund
Begge dei to Orkdals-spelarane spelte remis i siste runde. Eivind Andreas Almli enda dermed med 5 poeng av 9 og 21. plass i miniputtklassen, Aasmund Almli med 5,5 poeng og 15. plass i klasse 4.

Stillinga i NM i sjakk etter nest siste runde

10 Jul 2015 skrevet av asmund
Orkdals-miniputten Eivind Andreas Almli var uheldig under ein fotballkamp midt i veka og braut kragebeinet. Likevel fortsette han NM-turneringa med store smerter og smertestillande tablettar. Han fekk straks to tap, men vann igjen i dag i det 8. og nest siste partiet. Han har dermed 4,5 av 8 poeng.

Aasmund Almli i klasse 4 har hatt eitt tap og to seirar dei siste tre partia og har 5 poeng av 8.

Siste parti blir spelt i morgon, 11. juli.

2 x Almli i NM

07 Jul 2015 skrevet av asmund
Aasmund Almli og Eivind Andreas Almli er Orkdals to deltakarar i NM i sjakk som starta i helga. Aasmund speler i klasse 4, Eivind Andreas i yngste klasse, miniputt.

Etter fem rundar har begge meir enn halv score, og det er bra: Aasmund har 3 poeng av 5 og ligg som nr. 25 av 62 deltakarar i klasse 4. Eivind Andreas er hakket kvassare med 3,5 poeng av 5 og ligg som nr. 14 av 61 i miniputt.

Det er fire rundar igjen av turneringa, og alt kan enno skje ...

Hell Chess Event 26-28 juni - med kretsmesterskap

08 Jun 2015 skrevet av asmund
Det blir ei stor og rikhaldig sjakkhelg i Laanke Menighetshus 26.-28 juni i regi av Hell sjakklubb.

Langsjakkturneringa Hell Grand Prix - Isbre Norges Grand Prix blir avvikla med 6 rundar fredag til sundag. Deltakaravgift 500 kr for vaksne, 300 for junior. Pengepremiar. Turneringa er kretsmesterskap for Sør-Trøndelag.

Tidleg fredag ettermiddag blir det arrangert ei barneturnering over 6 rundar. Deltakaravgift 150 kr. Premie til alle.

Laurdag kveld er det lynturnering. Deltakaravgift 150 kroner. Pengepremiar.

Informasjon her. Du kan dessutan melde deg direkte med e-post til t76dahl@gmail.com.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 Next >>

Powered by CuteNews