Nyheter


3. runde i haustturneringa

03 Nov 2008 skrevet av asmund
Det var tredje runde, ikkje fjerde som skulle spelast i kveld, måndag 2. november. Dessutan var partia ført opp med feil farge på spelarane her på heimesida, så opptil fleire møtte proppfull av forberedt teori utan nytte. Så mykje er teori verdt ...

Resultat:
Richardson Dayvid Fernandes - Kjell Næssvold 0-1
Åsmund Forfang - Rudi Kilen 1-0
Gunnar Gisnås - Lars Lium 0-1

Gunnar fekk opp ei knugande god stilling mot Lars, Lars var innlåst med heile menasjeriet av offiserar, men greidde på mirakuløst vis å banke seg ut av fengselet - og til ein seier som var overraskande for oss som såg Gunnars opningsstilling.
Rudi trekte litt uforsiktig tidleg i opninga i ein lukka sicilianer, og frå da av fekk Åsmund eit større og større initiativ som endte med katastrofe for Rudi.
Kjell måtte slite mot ein angrepsvillig Richardson, men manøvrerte med sikker forsvarshand og utnytta det materielle overtaket han etter kvart fekk.

Etter fem av sju rundar er stillinga slik (WO rekna som 1 poeng):
Kjell Næssvold 5
Åsmund Forfang 4 1/2
Matts Eriksen 3
Rudi Kilen 3
Lars Lium 2 1/2
Richardson Dayvid Fernandes 2
Gunnar Gisnås 1

Om fjorten dagar, den 17. november, speler vi sjette og nest siste runde (og denne gongen er oppsettet kvalitetssikra!):
Gunnar Gisnås - Matts Eriksen
Richardson Dayvid Fernandes - Åsmund Forfang
Lars Lium - Rudi Kilen
Kjell Næssvold WO

Oppsett fjerde runde i haustturneringa

31 Oct 2008 skrevet av asmund
3. november blir fjerde runde i haustturneringa avvikla med desse partia:

Kjell Næssvold - Richardson Dayvid Fernandes
Lars Lium - Gunnar Gisnås
Rudi Kilen - Åsmund Forfang
Matts Eriksen har walkover.

Kjell Næssvold med full pott så langt

31 Oct 2008 skrevet av asmund
Det siste partiet i femte runde av haustturneringa vart avvikla måndag 27. oktober:
Matts Eriksen - Kjell Næssvold 0-1
Kjell trekte altså det lengste strået - men var nær ved å tape i dette lange og spennande partiet - 76 trekk i alt. Hadde Matts funne det beste trekket i trekk 46, er sjansen stor for at Kjell måtte ha funne seg i ein null i protokollen ...
Partiet blir lagt inn i partibasen "Høstturneringer" med det første.

Dermed er Kjell den einaste som har full pott i haustturneringa så langt.

Mens dette partiet pågjekk, utkjempa dei fire andre frammøtte ein hard dyst i hurtigsjakk, to rundar med 10 minutt tenketid. Rudi fekk her sitt endelege gjennombrudd i retning twistposane:

Rudi 5 (av 6)
Åsmund 4
Lars 2
Claudio 1

Haustturneringa

21 Oct 2008 skrevet av asmund
Oppdatering haustturneringa:

Førre måndag vart det spelt eit utsett parti i tredje runde:
Lars Lium - Matts Eriksen 1/2-1/2

I går avvikla vi, pga. tre forfall, femte runde i staden for fjerde:
Åsmund Forfang - Gunnar Gisnås 1-0
Richardson Dayvid Fernandes - Lars Lium: 1-0

Partiet Matts Eriksen - Kjell Næssvold blir spelt kommande måndag 28. oktober.

Alle partia blir med det aller første lagt inn i basen for haustturneringar.

Runde 7 spelt i går

07 Oct 2008 skrevet av asmund
Måndag 6. september spelte vi 7. runde i haustturneringa i staden for 3. - Erlend har sett seg nøydd til å trekke seg frå turneringa på grunn av plutseleg skulegang, og Gunnar var bortreist måndag, da avvikla vi full 7. runde i staden for ein amputert 3. runde.

Tre parti avvikla, to korte og eitt langt. Matts-Richardson vara i 30 trekk, Åsmund-Lars i 28 - mens Rudi heldt ut i 61 trekk, dei fleste i sterk motvind, mot Kjell.

Resultat:
Kjell Næssvold - Rudi Kilen 1-0
Matts Eriksen - Richardson Dayvid Fernandes 1-0
Åsmund Forfang - Lars Lium 1-0

Alle partia blir snart lagt inn i partibasen for haustturneringar.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 207 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 218 219 220 221 222 223 224 225 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 Next >>

Powered by CuteNews