Nyheter


Konrad: Matts auka i tet, Rudi i slag

17 Feb 2009 skrevet av asmund
Fire deltakarar møtte opp til dyst om nye Konrad-poeng måndag. På ny skåra Matts hakket betre enn konkurrentane:

Matts Eriksen 16 (av 18)
Åsmund Forfang 14
Rudi Kilen 10
Gunnar Gisnås 8

Etter denne runden kom Lars rekande, mens Gunnar stakk tilbake til Børsa. I den påfølgjande doble lynrunden hadde Rudi kvelden, særleg Åsmund fekk unngjelde med to knusande tap. Resultat:

Rudi Kilen 4 (av 6)
Matts Eriksen 4
Åsmund Forfang 2,5
Lars Lium 1,5

Samanlagte poengsummar i 4 rundar i Konrad-turneringa:
Matts Eriksen 51
Åsmund Forfang 44
Rudi Kilen 36
Gunnar Gisnås 31
Lars Lium 28
Marius Eriksen 18

Terminlista for våren

16 Feb 2009 skrevet av asmund
Endeleg har formannen fått ut fingeren og lagt ut terminlista for våren - den ligg på "Om oss".

Orkdal til topps i 2. divisjon

16 Feb 2009 skrevet av asmund
Etter helgas serierunde er Orkdal på toppen av 2.divisjonstabellen i Midt-Norge med 8 poeng, 1 poeng framfor Svartlamon 1. Dersom vi skårar 2 poeng på dei to siste kampane, som blir spelt i mars, vinn vi divisjonen. Svartlamon har nemleg berre ein kamp igjen og får maksimalt 9 poeng.

Ny seier i seriesjakken

15 Feb 2009 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubb fekk inn ein ny solid seier i Midtnorgeserien i dag med 4-0 over Trondheim 4, ungdomslaget til Trondheim sjakkforening.

Seieren var ikkje så "stor" som talet 4-0 gir inntrykk av, vi måtte slite på 1. til 3. bord, der vi var klare ratingfavorittar. På 4. bord slo Rudi derimot til med ein nokså rask seier. Matts på 2. bord gav lett offiser for to bønder, det var ikkje sikkert at det ville gå bra. Åsmund stod i lik stilling heilt til motstandaren gjorde eit par store feil, litt hastig trekt i eit ellers solid parti.

Hallvar legg snart ut ein analyse av alle fire partia her på heimesida.

Resultat (Orkdal-spelarane til venstre):
Hallvar Gisnås (1562) - Ole Jakob Hegelund (1429) 1-0
Matts Eriksen (1520) - Sigurd Stenvik (1206) 1-0
Åsmund Forfang (1397) - Espen Arild Jenssen (1066) 1-0
Rudi Kilen (916) - Bernhard Hegelund (925) 1-0

2. runde klubbmesterskapet

09 Feb 2009 skrevet av asmund
Litt omrokeringar pga sjukdom førte til to parti i kveld:

Rudi Kilen - Matts Eriksen 1/2-1/2
Shamil Shkalahov - Åsmund Forfang 0-1

Måndag 16. februar blir det hurtigsjakk.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 203 204 205 206 207 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 218 219 220 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews