Nyheter


Resultat 2. runde i haustturneringa

25 Sep 2008 skrevet av asmund
To forfall, dermed vart det avvikla berre to parti i 2. runde måndag:

Rudi Kilen - Richardson Dayvid Fernandes 1-0
Kjell Næssvold - Gunnar Gisnås 1-0

Parrtia Matts Eriksen - Lars Lium og Erlend Husdal Landrø - Åsmund Forfang vart utsett.

28 september blir det lyn.

Lyn- og hurtigrunde

15 Sep 2008 skrevet av asmund
Matts til topps i ein runde lyn pluss ein runde hurtigsjakk i kveld. Resultat:

Matts Eriksen: 6,5 (av 7)
Åsmund Forfang 4
Rudi Kilen 3
Gunnar Gisnås 2,5
Shamil Shkalahov 0

Eit utsett parti i 1. runde i haustturneringa vart også spelt:
Kjell Næssvoll - Lars Lium 1-0

Neste måndag er det 2. runde i haustturneringa.

1. runde i haustturneringa

08 Sep 2008 skrevet av asmund
Første runde i haustturneringa vart avvikla 8. september. Det er foreløpig 8 deltakarar, men det er ikkje for seint å melde seg. Siste frist er måndag 15. september.

Rudi viste god form i dag. Han innleidde kvelden ved å knuse Matts tre gonger i lyn, ved raust å gi bort bønder i opninga, altså Matts sin eigen metode. Det er rett, Rudi! Ta tyren ved horna!
I rundepartiet slo han så Gunnar - Gunnar stod vel best nokså lenge, men gjorde ein feil mot slutten som vart fatal.

Erlend er med oss igjen og møtte Richardson - og måtte gi tapt for den gode brassen.

Matts og Åsmund endte opp med remis, etter eit nokså kvast oppgjer, ein slags tsjekkisk benoni, om eg ikkje tar heilt feil, med Åsmund som kvit.

Kjell og Lars hadde meldt forfall, og partiet blir spelt den 15. september.

Alle partia vil bli lagt ut på partibasen "Høstturneringa".

Resultat:
Åsmund Forfang - Matts Eriksen 1/2-1/2
Gunnar Gisnås - Rudi Kilen 0-1
Richardson Dayvid Fernandes - Erlend Husdal Landrø 1-0
Kjell Næssvoll - Lars Lium (Utsett til 15.9.)

Hurtigsjakk-seier til Åsmund - og så begynner langsjakken

02 Sep 2008 skrevet av asmund
Vi som sat på sjakkbordet på Ørkdalsdåggån i helga, hadde det hyggeleg - ikkje så reint få kom til bordet og spelte, og Claudio frå Chile oppdaga oss og var på sin første klubbkveld i går, måndag.

Der møtte sju medlemmer opp til hurtigsjakk over fem rundar, ti minutt på klokka til kvar. Resultat:
Åsmund 5
Matts 4
Gunnar 3
Clauido 3
Marius 2
Rudi 2
Shamil 1

Kommande måndag startar haustturneringa i langsjakk, 90 minutt på 40 trekk, 30 minutt på resten. Turneringa går over sju rundar.

Ny terminliste

26 Aug 2008 skrevet av asmund
Etter å ha konferert med medlemmene på siste klubbkveld er terminlista endra, slik at haustturneringa i langsjakk først begynner 8. september.
Den nye terminlista er lagt inn på sida "Om oss".

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews