Nyheter


Lyn 21. september

14 Sep 2009 skrevet av asmund
Neste måndag, 21. september, blir det ein av haustens få lynrundar.

Velkommen!

2. runde i haustturneringa + oppsettet for 3. runde

14 Sep 2009 skrevet av asmund
To parti vart spelt i kveld:
Richardson Fernandes - Rudi Kilen 1-0
Åsmund Forfang - Kjell Næssvold 1-0

Claudio Higueras - Matts Eriksen er utsett.

Med dette har Kjell fått sitt første tap i langsjakk i klubben. Partiet gjekk i mottatt dronninggambit, og Åsmund fekk sverma dei lette offiserane sine inn på kongefløya til Kjell før han rakk å rokere. Eit kanskje litt tvilsamt offer på h6 førte til ei svært taktisk og uoversiktleg stilling der der Kjell hadde den materielle overvekta, men Åsmund hadde store angrepssjansar. Så gjorde Kjell ein uventa og rein bukk, og stillinga var vunne for Åsmund.

Oppsettet til tredje runde om den 28. september:
Kjell Næssvold - Richardson Fernandes
Matts Eriksen - Åsmund Forfang
Lars Lium - Claudio Higueras
Rudi Kilen WO

1. runde avvikla - 2. runde 7. september

31 Aug 2009 skrevet av asmund
Sju deltakarar inntil vidare i haustturneringa. Siste sjanse til å gi seg med er neste måndag, 7. september.

Resultat:
Kjell Næssvold - Claudio Higueras 1-0
Matts Eriksen - Lars Lium 1-0
Rudi Kilen - Åsmund Forfang 0-1
Richardson Fernandes WO

31. august: 1. runde i haustturneringa

29 Aug 2009 skrevet av asmund
Måndag 31. august blir første runde i haustturneringa spelt. Foreløpig har vi seks påmeldte. Møt opp og bli med!

Turneringa blir spelt med ei tenketid pr. spelar på 120 minutt - 90 minutt på dei første 40 trekka, 30 minutt på resten. Vinnaren av turneringa får namnet sitt på ein vandrepokal ...

På oppstartskvelden for hausten 24. august var vi fem frammøtte. Vi tok ein runde lyn, og Kjell Næssvold viste seg uslåeleg ved denne anledninga.

Haustsesongen i gang 24. august

18 Aug 2009 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubb startar haustsesongen på Strandheim 24. august kl. 19.00. Velkommen til nye og gamle medlemmer!

I haust konsentrerer vi oss om langsjakk, altså skikkeleg sjakk. Det blir ei haustturnering som startar 31. august - påmelding seinast ved oppmøte, helst før. Du kan melde deg på ved å møte opp på Strandheim 24. august, eller på telefon/sms til 913 25 872.

Etter kvar andre runde har vi ein kveld der nødvendige hengeparti blir avvikla. På dei kveldane kan dei som ikkje speler hengeparti, vere med på å diskutere og analysere tidlegare avvikla parti, eller spele reine treningsparti, altså utan at vi set opp ei turnering for kvelden.

To lynkveldar og kanskje eit par kveldar med hurtigsjakk blir også aktuelt.

VEL MØTT!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 Next >>

Powered by CuteNews