Nyheter


Vårsesongen begynner 17. januar på Follo

10 Jan 2011 skrevet av asmund
Måndag 17. januar kl. 19.00 blir første klubbkveld etter jul.

Vi har altså flytta til Follo, Orkdal vidaregåande skole, G-bygningen.

Velkommen både nye og gamle sjakkspelarar!

Orkdal sjakklubb flyttar til Follo - Orkdal vidaregåande skole

21 Dec 2010 skrevet av asmund
Frå årsskiftet flyttar Orkdal sjakklubb frå Strandheim til Follo, Orkdal vidaregåande skole. Der får vi bruke eit fint spelelokale, og vi håpar at sjakkspelande follotrælar stikk innom oss. Tidspunkt og stad for oppstarten i januar blir behørig annonsert både ved oppslag og her på heimesida vår.

Matts klubbmester i lyn

21 Dec 2010 skrevet av asmund
Full pott for Matts i klubbmesterskapet i lyn, som vart arrangert etter årsmøtet i går kveld. Ikkje alle seirane var like bombesikre eller fortente, må vi andre få lov til surmulande å påstå, men skiljet går ofte der: mellom dei som er gode nok til ikkje å gjere feila, og dei andre ...

Resultat
Matts Eriksen 6 (av 6)
Åsmund Forfang 3
Lars Lium 2
Rudi Kilen 1

Årsmøte 20. desember - med klybbmesterskap i lyn

16 Dec 2010 skrevet av asmund
Minner om årsmøtet i klubben på Strandheim måndag 20. desember kl. 19.00

Diskusjon om framtidig spelelokale og framtida til klubben
Dessutan vanlege årsmøtesaker.

Og som vanleg: klubbmesterskap i lynsjakk etter årsmøtet.

Lynrunde 13. desember

16 Dec 2010 skrevet av asmund
Kjell er nær uslåeleg i lynsjakkrundane våre - men berre nær, Rudi hadde han i kne sist måndag med definitivt vunne stilling, men med lyntid er det ikkje lett å klekke ut den rette strategien. Dermed valde han å desminere brikkene til remis ...

Resultat:
Kjell Næssvold 7,5 (av 8)
Åsmund Forfang 5
Matts Eriksen 4
Rudi Kilen 3,5
Lars Lium 0

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 181 182 183 184 185 186 187 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 Next >>

Powered by CuteNews