Almli-triumf på første spelekveld i haust |
27 Aug 2014 skrevet av asmund |
Elleve frammøtte til første spelekveld i Orkdal sjakklubb i haust, og ni deltok på handikappturneringa som starta etter ein times fri aktivitet, som vi vil fortsette med å ha på kveldane framover frå 18.30 til 19.30. Ein av dei fire yngste som var med, gjekk til topps, med far hans kloss bak - altså ein familietriumf! Resultat: 1. Eivind Andreas Almli 4 (av 5) 2. Åsmund Almli 4 3. Rudi Kilen 4 Dessutan deltok Matts Eriksen, Åsmund Forfang, Morten Garberg, Tom Magnussen, Morten Skarholt og Torstein Skarholt Dahlen. |
Hauststart i Orkdal sjakklubb tirsdag 26. august |
19 Aug 2014 skrevet av asmund |
Første sjakkveld i Orkdal sjakklubb i haust er tirsdag 26. august, bygg G (lågbygget) på Orkdal vidaregåande skole, klokka 18.30. Vi ønsker alle sjakkinteresserte velkommen! |
Sjakkfejden i Östersund 6.-7. september |
19 Aug 2014 skrevet av asmund |
Har du lyst til å vere med på å representere Trøndelag i den årlege sjakkfeiden, som i år blir arrangert i Østersund den første helga i september? Sjå i så fall her og meld deg på! |
Resultat NM i lynsjakk |
19 Aug 2014 skrevet av asmund |
Orkdal hadde to deltakarar i NM i lynsjakk 20. juli: far og son Åsmund og Eivind Andreas Almli. Åsmund Almli kom til finalen i klasse 5, ein god prestasjon, og vart nr. 6 av dei seks finalistane med 1 poeng. Eivind Andreas var blant dei mange i miniputtklassen som dessverre ikkje nådde finalen. |
Åttande og siste dag i sjakk-NM i Trondheim |
19 Jul 2014 skrevet av asmund |
To av orkdalingane har grunn til å vere fornøgd i dag. Først Lars Lium, som avslutta mesterskapet med to strake og solide seirar og kom på ein svært så god 12. plass i klasse 3 med 5,5 poeng av 9. Dernest miniputt Eivind Andreas Almli, som med seier i siste runde kom opp på 5 poeng på ein 22. plass. Dei tre andre gjekk det skit med, altså tap. I klasse 3 endte Hans A. Andreasen på 4 poeng og ein 38. plass. Åsmund Forfang avslutta turneringa langt under pari med to strake tap og vart ståande på 4,5 poeng og endte på 28. plass. I klasse 4 gjekk Rudi Kilen på ein seier og står med 3,5 poeng på ein 34. plass. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 Next >>