Nyheter


Vårturneringa

24 Feb 2012 skrevet av asmund
Eitt parti i runde 3 avvikla tirsdag 21. februar:
Åsmund Forfang - Matts Eriksen 0-1

28. februar avviklar vi det utsette partiet frå runde 2:
Matts Eriksen - Kjell Næssvold

3. runde i vårturneringa + Konrad-runde 21. februar

17 Feb 2012 skrevet av asmund
Førstkommande tirsdag blir det 3. runde i vårturneringa for dei som er med i den, og ny Konrad-runde med 30 minutt pr. spelar for dei andre.

Oppsett vårturneringa:
Åsmund Forfang - Matts Eriksen
Lars Lium - Anders Husdal
Kjell Næssvold WO

Tap i seriesjakken

11 Feb 2012 skrevet av asmund
5. runde i seriesjakkens 2. divisjon Midt-Norge endte med tap for Orkdal mot heimelaget Elefantene (frå Trondheim), 0-4. Stillinga undervegs var slett ikkje så verst, men så er det å vere den som ikkje gjer den avgjerande feilen ... Nærast å unngå smultringen var Rudi, som gav opp i ei stilling som ved nærmare ettersyn viste seg å vere kliss remis.

Parti i andre runde vårturneringa

09 Feb 2012 skrevet av asmund
Partiet Anders Husdal - Åsmund Forfang i andre runde vart flytta fram ei veke og vart avvikla sist måndag. Eit kvast og turbulent Max Lange-parti der Åsmund med svart - etter eit feiltrekk av Anders - fekk stor og avgjerande fordel, 6+. Men i gryande tidsnød oversåg Åsmund dei beste trekka, blant anna ein tvingande 2-trekksmatt i 35. trekk, og spelte bort overtaket, og partane vart enige om remis etter det 39. trekket.

1/2 - 1/2

Lyn eller hurtig eller Konrad neste kveld

01 Feb 2012 skrevet av asmund
Ikkje langsjakkturnering neste tirsdag (7. februar). Dei oppmøtte får valet mellom lyn, hurtig og Konrad.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 Next >>

Powered by CuteNews