Nyheter


Matts og Lars til finalerunde

24 Apr 2007 skrevet av asmund
Det vart Matts og Lars som samla seg heilpoeng av dei fire som låg i teten før siste runde av klubbmesterskapet. Matts slo Emil, Lars hanka inn eit heilt poeng mot Rudi.

Dermed må dei to spele ein finalerunde hutigsjakk på avslutningskvelden 30. april.

Bjarne og Åsmund spelte remis i eit nokså uryddig parti der Åsmund først mista ein bonde, så vann tilbake ein bonde, deretter i siste sekund før kluffen ville falle sette ein springar i slag, som Bjarne da ikkje slo. Til slutt stod dei med ei dronning kvar, ellers ingenting, bortsett frå ein bonde av Bjarnes farge. Men skiftevis evig sjakk såg ut til å vere utfallet, så dei tok remis til slutt.

Resultat
Emil Mona - Matts Eriksen 0-1
Bjarne Solstad - Åsmund Forfang 1/2 -1/2
Lars Lium - Rudi Kilen 1-0

Sluttstillinga:
Matts Eriksen 5 1/2 (av 7)
Lars Lium 5 1/2
Åsmund Forfang 5
Bjarne Solstad 5
Richardson Dayvid Fernandes 3
Rudi Kilen 3
Emil Mona 3
Marius Eriksen 3
Shamil Shkalahov 2
Endre Bjørgum 2
Vahid Vazirgul 2

Oppsett siste runde i klubbbmesterskapet

17 Apr 2007 skrevet av asmund
23. april blir det siste runde i klubbmesterskapet:
Emil Mona - Matts Eriksen
Bjarne Solstad - Åsmund Forfang
Lars Lium - Rudi Kilen
Richardson Dayvid Fernandes - Shamil Shkalahov (spelt 16.4.: 1-0)
Marius Eriksen WO

Det er uhyre spennande i teten: Fire stykk på 4 1/2 poeng, Matts, Åsmund, Bjarne og Lars. Blir fleire liggande likt etter siste runde, må ei lynturnering avgjere mesterskapet. Teoretisk kan alle fire hamne likt på 5 poeng!

Dobbel handikapturnering for 5 personar

17 Apr 2007 skrevet av asmund
Fullt fråfall av skauningar - og berre fem deltakarar på handikapturneinga måndag 16. april.
Resultat:
Åsmund Forfang 6 1/2
Matts Eriksen 6
Rudi Kilen 5
Lars Lium 2 1/2
Shamil Shkalahov 0

Dessutan eit utsettparti frå 6. runde i klubbmesterskapet:
Richardson Dayvid Fernandes - Marius Eriksen 1-0

Og om ikkje det var nok, gjennomførte Richardson og Shamil partiet sitt i neste runde, fordi Richardson er forhindra ut april:
Richardson Dayvid Fernandes - Shamil Shkalahov 1-0

Neste klubbkveld: 16. april

29 Mar 2007 skrevet av asmund
Da er det påskeferie også ved sjakkbrettet, og vi møtest til tidshandikappsjakk den 16. april.
Da blir det også eit utsett parti frå runde 6 i klubbmesterskapet: Richardson-Marius.

Hard kamp om klubbtittelen!

27 Mar 2007 skrevet av asmund
Fire turneringsdeltakarar ligg heilt likt i teten før siste runde i klubbmesterskapet med 4 1/2 poeng: Matts, Åsmund, Bjarne og Lars. Lars kunne med seier mot Bjarne ha sikra seg 1 poengs avstand til dei neste - men Bjarne overlista han i ei stilling der utfallet like gjerne kunne ha gått i Lars sin favør. Så no blir siste runde ein thriller!

Resultat frå 6. runde
Bjarne Solstad - Lars Lium 1-0
Shamil Shkalahov - Matts Eriksen 0-1
Åsmund Forfang - Endre Bjørgum 1-0 (WO)
Rudi Kilen - Emil Mona 0-1
Richardson Dayvid Fernandes - Marius Eriksen (uts.)

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 217 218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 ... Next >>

Powered by CuteNews