Nyheter


Feil på heimesida

24 Oct 2011 skrevet av asmund
Huff, underskrivne har gjort ein feil og sletta alt på heimesida etter det du kan lese nedanfor. Ugjenkalleleg. Meininga var å slette ei einaste melding som vart lagt inn dobbelt - i staden kryssa eg av i ei rute som førte til massesletting, altså. Huff og huff.

Ingen klubbkveld 16. mai - siste kveld før sommaren 23. mai

10 May 2011 skrevet av asmund
Den inneklemte måndagen 16. mai har vi ingen klubbkveld. Så avsluttar vi sesongen måndag 23. mai.

Velkommen!

Trippel uavgjort 9. mai

10 May 2011 skrevet av asmund
Vår nye medlem Arne Samskott deltok i si første lynturnering (5 min + 3 sek pr. trekk) sist måndag. Velkommen! Uvant med klokke og lynspeling vart det ikkje mange poeng, men i treningsspelinga før vår vesle lynrunde viste han at han kan hevde seg godt i klubben.

Resultat:
Rudi Kilen 2 (av 3)
Lars Lium 2
Åsmund Forfang 2
Arne Samskott 0

Påskeferie

12 Apr 2011 skrevet av asmund
Måndagen i påskeveka er det ikkje spelekveld i Orkdal sjakklubb.

Besøk frå 6. klasse på Evjen skole

12 Apr 2011 skrevet av asmund
Dei siste måndagane har ungar frå 6. klasse på Evjen skole oppdaga sjakklubben og har komme innom. 11. april var dei heile 7 stykke som lånte brett og utkjempa til tider ville kampar på brettet.

Er det andre som vil prøve seg på sjakkbrettet, så berre stikk innom!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews