Nyheter


Godkjent Orkdals-innsats i Kaptein Roosen GP

04 Nov 2010 skrevet av asmund
Og meir enn godkjent er Matts Eriksens innsats - han kom på 5. plass av dei 32 deltakarane med 4 poeng av 6, og utan ein rein lapsus i vunnen stilling i siste parti ville han ha erobra tredjeplassen bak dei to 2500-spelarane IM Nikolai Ninov og GM Mihajlo Stojanovic frå Trondheim sjakkforening. Dei to var som venta i ein klasse for seg og spelte programmessig remis i det innbyrdes partiet sitt.

Våre to andre deltakarar gjorde det heilt greitt ut frå rating og motstand: Åsmund Forfang oppnådde 3 poeng, Rudi Kilen 2.

Resultatlista finn du her.

Første runde i seriesjakken søndag 7. november

02 Nov 2010 skrevet av asmund
Vi møter sterke Verdal i første runde i seriesjakkens 1. divisjon kommande søndag. Kampstart kl. 13, på Strandheim.

Resultat av to lynsjakk-kveldar

02 Nov 2010 skrevet av asmund
Lynsjakk sist måndag:

Kjell Næssvold 5 (av 5)
Matts Eriksen 3
Rudi Kilen 2,5
Åsmund Forfang 2,5
Lars Lium 2
Richardson Fernandes 0


Resultatet frå måndag 18. oktober forsvann inn i haustferieturen min, men her er det endeleg:

Matts Eriksen 6 (av 8)
Åsmund Forfang 3,5
Lars Lium 2,5

Kaptein Roosen GP onsdag 3. november

01 Nov 2010 skrevet av asmund
Benytt sjansen til å delta på Kaptein Roosen GP i Trondheim kommande onsdag - fin hurtigsjakkturnering med god deltaking. Meld deg på her.

Hurtig/lyn - 9 strake til Kjell Næssvold

12 Oct 2010 skrevet av asmund
Kjell viste god haustform og var utilnærmeleg sist måndag i ein dobbel hurtigrunde + ein lynrunde:

Kjell Næssvold 9 (av 9)
Matts Eriksen 5
Åsmund Forfang 3
Rudi Kilen 1

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... Next >>

Powered by CuteNews