Matts og Lars til finalerunde |
24 Apr 2007 skrevet av asmund |
Det vart Matts og Lars som samla seg heilpoeng av dei fire som låg i teten før siste runde av klubbmesterskapet. Matts slo Emil, Lars hanka inn eit heilt poeng mot Rudi. Dermed må dei to spele ein finalerunde hutigsjakk på avslutningskvelden 30. april. Bjarne og Åsmund spelte remis i eit nokså uryddig parti der Åsmund først mista ein bonde, så vann tilbake ein bonde, deretter i siste sekund før kluffen ville falle sette ein springar i slag, som Bjarne da ikkje slo. Til slutt stod dei med ei dronning kvar, ellers ingenting, bortsett frå ein bonde av Bjarnes farge. Men skiftevis evig sjakk såg ut til å vere utfallet, så dei tok remis til slutt. Resultat Emil Mona - Matts Eriksen 0-1 Bjarne Solstad - Åsmund Forfang 1/2 -1/2 Lars Lium - Rudi Kilen 1-0 Sluttstillinga: Matts Eriksen 5 1/2 (av 7) Lars Lium 5 1/2 Åsmund Forfang 5 Bjarne Solstad 5 Richardson Dayvid Fernandes 3 Rudi Kilen 3 Emil Mona 3 Marius Eriksen 3 Shamil Shkalahov 2 Endre Bjørgum 2 Vahid Vazirgul 2 |
Oppsett siste runde i klubbbmesterskapet |
17 Apr 2007 skrevet av asmund |
23. april blir det siste runde i klubbmesterskapet: Emil Mona - Matts Eriksen Bjarne Solstad - Åsmund Forfang Lars Lium - Rudi Kilen Richardson Dayvid Fernandes - Shamil Shkalahov (spelt 16.4.: 1-0) Marius Eriksen WO Det er uhyre spennande i teten: Fire stykk på 4 1/2 poeng, Matts, Åsmund, Bjarne og Lars. Blir fleire liggande likt etter siste runde, må ei lynturnering avgjere mesterskapet. Teoretisk kan alle fire hamne likt på 5 poeng! |
Dobbel handikapturnering for 5 personar |
17 Apr 2007 skrevet av asmund |
Fullt fråfall av skauningar - og berre fem deltakarar på handikapturneinga måndag 16. april. Resultat: Åsmund Forfang 6 1/2 Matts Eriksen 6 Rudi Kilen 5 Lars Lium 2 1/2 Shamil Shkalahov 0 Dessutan eit utsettparti frå 6. runde i klubbmesterskapet: Richardson Dayvid Fernandes - Marius Eriksen 1-0 Og om ikkje det var nok, gjennomførte Richardson og Shamil partiet sitt i neste runde, fordi Richardson er forhindra ut april: Richardson Dayvid Fernandes - Shamil Shkalahov 1-0 |
Neste klubbkveld: 16. april |
29 Mar 2007 skrevet av asmund |
Da er det påskeferie også ved sjakkbrettet, og vi møtest til tidshandikappsjakk den 16. april. Da blir det også eit utsett parti frå runde 6 i klubbmesterskapet: Richardson-Marius. |
Hard kamp om klubbtittelen! |
27 Mar 2007 skrevet av asmund |
Fire turneringsdeltakarar ligg heilt likt i teten før siste runde i klubbmesterskapet med 4 1/2 poeng: Matts, Åsmund, Bjarne og Lars. Lars kunne med seier mot Bjarne ha sikra seg 1 poengs avstand til dei neste - men Bjarne overlista han i ei stilling der utfallet like gjerne kunne ha gått i Lars sin favør. Så no blir siste runde ein thriller! Resultat frå 6. runde Bjarne Solstad - Lars Lium 1-0 Shamil Shkalahov - Matts Eriksen 0-1 Åsmund Forfang - Endre Bjørgum 1-0 (WO) Rudi Kilen - Emil Mona 0-1 Richardson Dayvid Fernandes - Marius Eriksen (uts.) |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 238 239 240 241 ... Next >>