To parti i 5. runde spelt - oppsett 6. runde |
20 Oct 2009 skrevet av asmund |
I går kveld vart to parti i 5. runde i haustturneringa spelt: Matts Eriksen - Rudi Kilen 1-0 Lars Lium - Richardson Fernandes 1-0 Neste måndag, 26. oktober, er det 6. runde: Richardson Fernandes - Claudio Higueras Rudi Kilen - Lars Lium Kjell Næssvold - Matts Eriksen Åsmund Forfang WO |
Ny runde i haustturneringa - oppsett 19. oktober |
19 Oct 2009 skrevet av asmund |
Sist måndag vart det avvikla eit parti i 3. runde i haustturneringa: Matts Eriksen - Åsmund Forfang 1-0. I kveld 19. oktober står desse partia i 5. runde for tur: Lars Lium - Richardson Fernandes Matts Eriksen - Rudi Kilen Claudio Higueras - Åsmund Forfang Kjell Næssvold WO |
Neste måndag: Oppsamlingsrunde + analyse/trening |
06 Oct 2009 skrevet av asmund |
Måndag 12. oktober blir det oppsamlingsrunde i haustturneringa. I skrivande stund er det usikkert kven som skal spele - finn ut om du har eit uspelt parti, og ta kontakt. Eitt parti er sikkert: Matts Eriksen - Åsmund Forfang Dei som ikkje speler oppsamlingsrunde, kan analysere parti frå tidlegare rundar eller spele treningsparti. Eller spele for rein moro. |
4. runde spelt |
06 Oct 2009 skrevet av asmund |
Alle tre parti i fjerde runde i haustturneringa vart spelt i går kveld: Kjell Næssvold - Rudi Kilen 1-0 Richardson Fernandes - Matts Eriksen 0-1 Åsmund Forfang - Lars Lium 1/2-1/2 Åsmund greidde den prestasjonen i partiet mot Lars å miste ein sikker seier ved å veksle ein bonde inn for ei ny dronning litt for tidleg. Lars kunne da med si eine dronning mot Åsmunds to rykke inn mot Åsmunds konge og stille han evig sjakk. |
Matts og Rudi i Trondheim |
05 Oct 2009 skrevet av asmund |
23. september var Matts og Rudi frå Orkdal sjakklubb med i Kaptein Roosen GP i Trondheim, ei hurtigsjakkturnering. Heiderleg resultat av begge, 6. og 8. plass - Rudi møtte vinnaren av turneringa, GM Mihajlo Stojanovic, men ingen GM-skalp til Orkdal denne gongen ... Kikk på resultatlista her. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 199 200 201 202 203 204 205 206 207 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 Next >>