Klubbmesterskapet endeleg avgjort |
30 Aug 2010 skrevet av asmund |
Det måtte to hurtigsjakkparti og to lynparti til før klubbmesterskapet - som hang over frå i vår - vart avgjort. Etter ferdispelt turnering i mai stod nemleg Kjell Næssvold og Matts Eriksen heilt likt, med 4,5 poeng og også like kvalitetspoeng. I omspelet i kveld stod det 1-1 etter dei to hurtigsjakkpartia, først vann Matts med svart, så Kjell med svart. I det første lynpartiet stod vel Matts dårlegast, men Kjell glømte tida, og i tidsnøda hans fekk Matts inn ein matt. I andre parti, ein kongegambit med Kjell som kvit, spelte Matts ein innøvd og ekkel offervariant, kom fort på offensiven og avgjorde partiet i god tid før tida gjekk ut. Altså: Gratulasjonar til Matts Eriksen for enda eit klubbmesterskap! Resultat klubbmesterskapet 2010: Matts Eriksen 4,5 (av 5) Kjell Næssvold 4,5 Åsmund Forfang 3 Lars Lium 2 Rudi Kilen 1 Richardson Fernandes 0 |
Haustprogram med triatlon og mykje meir |
24 Aug 2010 skrevet av asmund |
Det blir eit varierande program i haustsesongen i sjakklubben: Haustturneringa begynner 6. september. Antal rundar blir bestemt av kor mange som melder seg på. Før det, 30. august, skal Matts Eriksen og Kjell Næssvold ut i eit omspel om klubbmestertittelen - dei to hamna i delt tet etter siste spelekveld i vår. I omspelet skal dei først gjennom to hurtigparti (15 minutt kvar), så om nødvendig to lynparti (5 minutt kvar), og er det ikkje avgjort da, må dei gjennom eit såkalla armageddonparti, dvs. at kvit får 6 minutt, svart 5 minutt, og at kvit må vinne, alt anna gir seier til svart. Dei andre frammøtte 30. august speler hurtigsjakk, 10 minutt kvar. 13. september planlegg vi "triatlon" heime på garden til Lars Lium i Hoston, med greinene skotthyll, pilkast og sjakk, med handikaptillegg iallfall i skotthyll og sjakk. Terminlista vidare blir bestemt når påmeldinga til haustturneringa er unnagjort. |
Kjell Næssvold til topps i sesongens innleiande lyn |
24 Aug 2010 skrevet av asmund |
Fem frammøtte på opningskvelden 23. august. I ein dobbel lynrunde gjekk Kjell til topps og mangla berre eit halvpoeng på full pott. Men det sat langt inne - minst ein gong fekk han god hjelp av klokka ... Resultat: Kjell Næssvold 7,5 (av 8) Åsmund Forfang 5,5 Matts Eriksen 5 Lars Lium 1,5 Rudi Kilen 0,5 |
Kristiansund Grand Prix 26.-29. august - møt Carlsen, Anand, Polgar, Hammer |
22 Aug 2010 skrevet av asmund |
Årets storturnering i landsdelen vår blir gjennomført i Kristiansund kommande helg. Gå inn her og meld deg på! |
Lyst til å vere med på Sjakkfeiden i Østersund 4.-5. september? |
22 Aug 2010 skrevet av asmund |
Årets landsdelskamp mellom Trøndelag og Jämtland skal gå av stabelen i Østersund helga 4.-5. september. Har du lyst, har du lov - gå inn på heimesida til Sjakkfeiden her. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 203 204 205 206 207 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 218 219 220 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 ... 241 ... 243 ... 245 ... 247 ... 249 ... 251 ... Next >>