Konrad + lyn 19. januar |
20 Jan 2009 skrevet av asmund |
Seks medlemmer utkjempa runde 2 i Konrad-turneringa i hurtigsjakk måndag 19. januar. Dette er altså ei turnering der du kan stille opp akkurat så ofte eller sjeldan som du har lyst. Poenggivinga er 3 for seier, 2 for remis og 1 for tap - for å honorere oppmøte. Turneringa går ut heile vårsesongen, så det er gode sjansar også for den som enno ikkje har stilt opp. Eit uvanleg tett felt mot mål i denne turneringa. Siste gongs vinnar Matts hadde ikkje dagen og rauk på fleire tap, derimot hadde Åsmund formen inne. Resultat: Åsmund Forfang 14 (av 15) Matts Eriksen 10 Marius Eriksen 9 Gunnar Gisnås 9 Rudi Kilen 9 Lars Lium 9 Deretter ein rask lynrunde med fem deltakarar: Åsmund Forfang 3 (av 4) Matts Eriksen 2,5 Rudi Kilen 2 Lars Lium 2 Marius Eriksen 0,5 SAMANLAGT STILLING KONRAD (etter 2 rundar) Matts Eriksen 22 Åsmund Forfang 22 Rudi Kilen 17 Gunnar Gisnås 16 Lars Lium 14 Marius Eriksen 9 |
Full pott til Orkdal i helga! |
19 Jan 2009 skrevet av asmund |
Orkdal sjakklubb vann begge seriekampane sine i helga, mot SMPOAÅ og Trondheim 3. Kampen mot SMPOAÅ såg tidleg ut til å ende med fullstendig seier til Orkdal: Matts på 2. bord og Åsmund på 3. bord kunne forlate bordet raskt etter at motstandarane gjorde feiltrekk og mista både offiser og stilling. Da stod også Kjell på 1. bord og Rudi på 4. bord svært så godt. Men begge mista føringa i partia sine. Rudi tapte, og Kjell stod til klart tap mot Erling Skjelstad. Men Skjelstad såg ikkje vinsten i tidsnøda, og partiet enda med remis. 2,5-1,5 til Orkdal. Mot Trondheim 3 fekk vi også to forholdsvis raske seirar ved Kjell på 1. bord og Hallvar på 2. bord. Iallfall var Hallvars motstandar rask - han brukte 2 1/2 minutt på heile partiet. Sånt gjer du ikkje ustraffa mot Hallvar. Lars på 3. bord gjekk tidleg på ein lur serie kombinasjonar frå Einar Gilberg, men beit seg fast i brettet for å svindle til seg ein remis. Det gjekk slett ikkje mot den gode Gilberg, som heldt hovudet kaldt. Rudi hadde eit klart overtak mot John Ivar Brekke og spelte sikkert overtaket fram til seier. 3-1 til Orkdal. SMPOAÅ-Orkdal (SMPOAÅ-spelarane oppført til venstre) Erling Skjelstad-Kjell Næssvold 1/2-1/2 Edvin Dybvik-Matts Eriksen 0-1 Arild Tørum-Åsmund Forfang 0-1 Morten Gunnufsen-Rudi Kilen 1-0 Orkdal-Trondheim 3 (Orkdal-spelarane oppført til venstre) Kjell Næssvold-Erlend Gaustad 1-0 Hallvar Gisnås-Tommy Kokkvoll 1-0 Lars Lium-Einar Gilberg 0-1 Rudi Kilen-John Ivar Brekke 1-0 |
Første Konrad-runde |
12 Jan 2009 skrevet av asmund |
Fem medlemmer møtte fram i kveld til første runde i Vår-Konrad. Det er altså ei hurtigsjakkturnering som går i heile vårsesongen. Men antal parti du speler, er avhengig av kor mange gonger du møter opp. Det lønner seg altså å stille ofte. Poengsystemet honorerer også oppmøte: 1 poeng for tap, 2 poeng for remis og 3 poeng for seier. Stillinga etter første kveld: Matts Eriksen 12 (av 12 mulege) Åsmund Forfang 8 Rudi Kilen 8 Gunnar Gisnås 7 Lars Lium 5 |
Vårsesongen begynner |
06 Jan 2009 skrevet av asmund |
Første kveld i Orkdal Sjakklubb i vårsesongen blir måndag 12. januar, som vanleg kl. 19.00 på Strandheim. Terminlista blir laga først etter denne første kvelden Klubbmesterskapet i langsjakk startar 26. januar - vi ber folk melde seg på så fort som muleg, gjerne no den første måndagen. Ellers blir det mindre lynsjakk og meir hurtigsjakk i vårsesesongen. Vi gjennomfører ei såkalla Konrad-turnering, dvs. ei samanlagtturnering i hurtigsjakk utover våren der du ikkje behøver å møte opp kvar gong. Dei som møter opp, får motstandarar blant dei andre frammøtte. Altså kan antal parti bli ulikt på dei ulike deltakarane. Poeng blir rekna slik: 3 poeng for seier, 2 for uavgjort, 1 for tap - dette for å honorere oppmøte. Velkommen til ny sesong! |
Kjell Næssvold klubbmester i lynsjakk |
16 Dec 2008 skrevet av asmund |
Årsmøte med påfølgjande klubbmesterskap i lynsjakk i går, måndag. Årsmøtet gjekk fredeleg for seg - nye styremedlemmer vart Matts Eriksen (gjenval) og Hallvar Gisnås (ny), varamedlem Anders Husdal (gjenval). Klubben går greitt økonomisk - eit lite overskudd i 2008. Kveldens høgdepunkt vart så klubbmesterskapet i lynsjakk, 7 deltakarar med ein dobbeltrunde. Richardson måtte gå etter halvspelt mesterskap, derfor berre 11 rundar. Spenninga heldt seg heilt til siste runde, da hadde Kjell eit forsprang på 1 poeng til Matts. Matts vann på sitt bord - og Kjell slo Åsmund og vart klubbmester. Mykje vilt spel og mange bråe mattar, som det skal vere ved ein sånn anledning. Resultat: Kjell Næssvold 10 (av 11) Matts Eriksen 9 Åsmund Forfang 7 Lars Lium 4 Marius Eriksen 3 Rudi Kilen 2 Richardson Dayvid Fernandes 0 |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 211 212 213 214 215 216 217 218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 ... 241 ... Next >>