Handikap-twist + lyn sist måndag |
15 Apr 2008 skrevet av asmund |
Fem medlemmer møttest til dyst i Orkdal sjakklubbs lokale sist måndag, til ein runde tidshandikap + 1 runde lyn. Da snur fort mange parti sånn omtrent når klokka går i mål ... Resultat Åsmund Forfang 8 (av 8) Lars Lium 5 1/2 Rudi Kilen 3 1/2 Gunnar Gisnås 2 1/2 Shamil Shkalahov 1/2 |
To parti i klubbmesterskapet |
08 Apr 2008 skrevet av asmund |
To parti i klubbmesterskapet vart spelt på måndag: Shamil Shkalahov - Gunnar Gisnås 0-1 Åsmund Forfang - Lars Lium 1/2-1/2 Det siste partiet var ein underhaldande batalje, der Åsmund kjørte ein ekte dronninggambit og gav bort c-bonden langsiktig for å få aktivt spel. Idet han langt uti spelet tok tilbake bonden, vart han for bondegrådig og sette bort den verdifulle kvitfeltsløparen. Lars stod da til klokkeklar seier. Men Åsmund pressa med dei brikkane som var att, og Lars sette så bort springaren sin. Sjølv om Åsmund straks snappa også ein bonde og låg materielt over, var stillinga nokså remisaktig, og Lars greidde å tvinge fram remis ved trekkgjentaking. Sjå partisamlinga. Det tredje partiet (Richardson D. Fernandes - Matts Eriksen) vart utsett pga. utanlandsreise. |
Lynseier til Åsmund |
05 Apr 2008 skrevet av asmund |
Fire medlemmer utkjempa ein firedobbel lynrunde måndag 31. mars. Det var lenge close race i teten mellom Matts og Åsmund, men for kvar gong dei to møttest, rykka Åsmund eit heilpoeng ifrå, og da gjorde det lite at Gunnar fekk inn eit knusande slag: Åsmund vann ein historisk stor seier og eini ny twistpose, der lakrisen vart knerta først! Åsmund Forfang: 11 (av 12) Matts Eriksen: 7 Gunnar Gisnås: 4 Rudi Kilen: 2 Kommande måndag er det altså femte runde i klubbmesterskapet. |
Kretsmesterskap 5.-6. april i Trondheim |
26 Mar 2008 skrevet av asmund |
Trondheimsstudentenes sjakklubb er i år arrangørar av Kretsmesterskapet. Det går over to dagar, med fem parti med ei tenketid på 90+30 minutt. Du kan melde deg på her. |
Klubbmesterskapet - stilling og oppsett 5. runde |
25 Mar 2008 skrevet av asmund |
Etter fire rundar i klubbmesterskapet er stillinga denne: Matts Eriksen 4 Lars Lium 4 (1 WO) Åsmund Forfang 3 (1 WO) Richardson D. Fernandes 2,5 (1 WO) Gunnar Gisnås 2 (1 WO) Rudi Kilen 0,5 Shamil Shkalahov 0 5. runde blir spelt 7. april: Richardson D. Fernandes - Matts Eriksen Åsmund Forfang - Lars Lium Shamil Shkalahov - Gunnar Gisnås Rudi Kilen WO |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 238 239 240 241 242 243 ... 245 ... 247 ... Next >>