Nyheter


Årsmøte 20. desember - med klybbmesterskap i lyn

16 Dec 2010 skrevet av asmund
Minner om årsmøtet i klubben på Strandheim måndag 20. desember kl. 19.00

Diskusjon om framtidig spelelokale og framtida til klubben
Dessutan vanlege årsmøtesaker.

Og som vanleg: klubbmesterskap i lynsjakk etter årsmøtet.

Lynrunde 13. desember

16 Dec 2010 skrevet av asmund
Kjell er nær uslåeleg i lynsjakkrundane våre - men berre nær, Rudi hadde han i kne sist måndag med definitivt vunne stilling, men med lyntid er det ikkje lett å klekke ut den rette strategien. Dermed valde han å desminere brikkene til remis ...

Resultat:
Kjell Næssvold 7,5 (av 8)
Åsmund Forfang 5
Matts Eriksen 4
Rudi Kilen 3,5
Lars Lium 0

Årsmøte med diskusjon om klubbens framtid - og klubbmesterskap i lyn

06 Dec 2010 skrevet av asmund
20. desember blir det årsmøte i Orkdal sjakklubb, på Strandheim.

Hovuddiskusjonen på årsmøtet må bli klubbens framtid. No er vi berre fire-fem medlemmer på klubbkveldane. Da er det iallfall ikkje særleg fornuftig å behalde dei lokala vi har på Strandheim, som vi må betale mykje for. Da må vi også diskutere i kva slags form aktiviteten i klubben skal fortsette. Skal vi i det heile tatt ha faste klubbkveldar? Altså ein grunnleggande diskusjon.

Vi må ha samling i bånn, som det heiter, og alle som ønsker å ha ein sjakklubb i Orkdal: Møt opp!

Årsmøtet blir som vanleg avslutta med klubbmesterskap i lyn.

Ny lynrunde 6. desember

06 Dec 2010 skrevet av asmund
Klubbkveld med etteranalyse av partia i seriesjakken, pluss ein tredobbel runde lyn for dei fire frammøtte.

Resultat:
Matts Eriksen 7,5 (av 9)
Åsmund Forfang 6
Rudi Kilen 3
Lars Lium 1,5

Uavgjort i seriesjakken mot SMPOAÅ

05 Dec 2010 skrevet av asmund
Orkdal kom heiderleg frå kampen mot SMPOAÅ 4. desember - 2,5-2,5 og uavgjort, riktig nok med hjelp av eit sjukdomsforfall hos motstandarane, som etter reglane gav oss poenget på 5. bord. Matts stod for vår einaste individuelle seier. Både Kjell og Åsmund kom offiser under og tapte, Lars kjempa seg opp frå tapande stilling til remis i sluttspelet.

Resultat (heimelaget SMPOAÅ oppført først):

Tormod Ingul - Kjell Næssvold 1-0
Arild Tørum - Matts Eriksen 0-1
Edvin Dybvik - Åsmund Forfang 1-0
Morten Gunnufsen - Lars Lium 0,5-0,5
(sjukdomsforfall) - Rudi Kilen 0-1

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 185 186 187 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 201 202 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 Next >>

Powered by CuteNews