Årsmøte med diskusjon om klubbens framtid - og klubbmesterskap i lyn |
06 Dec 2010 skrevet av asmund |
20. desember blir det årsmøte i Orkdal sjakklubb, på Strandheim. Hovuddiskusjonen på årsmøtet må bli klubbens framtid. No er vi berre fire-fem medlemmer på klubbkveldane. Da er det iallfall ikkje særleg fornuftig å behalde dei lokala vi har på Strandheim, som vi må betale mykje for. Da må vi også diskutere i kva slags form aktiviteten i klubben skal fortsette. Skal vi i det heile tatt ha faste klubbkveldar? Altså ein grunnleggande diskusjon. Vi må ha samling i bånn, som det heiter, og alle som ønsker å ha ein sjakklubb i Orkdal: Møt opp! Årsmøtet blir som vanleg avslutta med klubbmesterskap i lyn. |
Ny lynrunde 6. desember |
06 Dec 2010 skrevet av asmund |
Klubbkveld med etteranalyse av partia i seriesjakken, pluss ein tredobbel runde lyn for dei fire frammøtte. Resultat: Matts Eriksen 7,5 (av 9) Åsmund Forfang 6 Rudi Kilen 3 Lars Lium 1,5 |
Uavgjort i seriesjakken mot SMPOAÅ |
05 Dec 2010 skrevet av asmund |
Orkdal kom heiderleg frå kampen mot SMPOAÅ 4. desember - 2,5-2,5 og uavgjort, riktig nok med hjelp av eit sjukdomsforfall hos motstandarane, som etter reglane gav oss poenget på 5. bord. Matts stod for vår einaste individuelle seier. Både Kjell og Åsmund kom offiser under og tapte, Lars kjempa seg opp frå tapande stilling til remis i sluttspelet. Resultat (heimelaget SMPOAÅ oppført først): Tormod Ingul - Kjell Næssvold 1-0 Arild Tørum - Matts Eriksen 0-1 Edvin Dybvik - Åsmund Forfang 1-0 Morten Gunnufsen - Lars Lium 0,5-0,5 (sjukdomsforfall) - Rudi Kilen 0-1 |
Hurtig og lyn 29. november |
29 Nov 2010 skrevet av asmund |
Som opplading til bortekampen mot SMPOAÅ i serierunden i 1. divisjon Midt-Norge til helga tok vi i kveld ei lita turnering med ein runde hurtigsjakk og ein runde lyn. Resultat: Matts Eriksen 5 (av 6) Åsmund Forfang 4 Rudi Kilen 3 Lars Lium 0 |
Lynsjakk 22. november |
26 Nov 2010 skrevet av asmund |
Det lønner seg å trene, og Rudi har trena frykteleg mykje i det siste og har komme i form! Og Matts er verkeleg i slaget, det viser innsatsen hans i eksterne turneringar i det siste også. Underteikna har hatt svært så gode ubevisste grunnar til å undertrykke tanken på å skulle skrive inn desse resultata: Matts Eriksen 6 (av 6) Rudi Kilen 3,5 Åsmund Forfang 1,5 Lars Lium 1 |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 201 202 203 204 205 206 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 ... 241 ... Next >>