Twist-kveld med besøk frå Horg |
30 Jan 2007 skrevet av asmund |
Måndag 29. januar var det besøk av tre karar frå Horg sjakklubb, og til saman vart vi 12 deltakarar på twist-turneringa, ei 5-runders tidshandikapturnering. Reslutat: Åsmund Forfang 4 1/2 Matts Eriksen 4 Lars Lium 3 1/2 Richardson Dayvid Fernandes 3 Per Evjen (Horg) 3 Gunnar Gisnås 2 1/2 Hans A. Andreassen (Horg) 2 1/2 Bjarne Solstad 2 Tore Skjærvold (Horg) 2 Rudi Kilen 2 Endre Bjørgum 1 Shamil Shkalahov 0 |
Rudi med rundens mest vellykka felle |
22 Jan 2007 skrevet av asmund |
Rudi Kilen stod for rundens "bombe" da han nedkjempa Bjarne Solstad i eit langt og begivenhetsrikt parti. Bjarne oversåg ei stygg felle som Rudi la i det 47. trekket. Rudi på si side oversåg at Bjarne hadde oversett fella. Bjarne vart så lykkeleg over dette at han sette dronninga si i slag. Rudi fekk altså full uttelling til slutt. Partiet var ellers underhaldande og spennande for eit forholdsvis engt publikum. Runden var prega av forfall pga. skadar og operasjonar. Lars greier ikkje å gå på det eine beinet, og Endre ser lite på det eine auget. I neste runde må kanskje den blinde støtte den halte? Resultat frå runde 2: Matts Eriksen - Lars Lium (uts.) Åsmund Forfang - Richardson Dayvid Fernandes 1-0 Bjarne Solstad - Rudi Kilen 0-1 Vahid Vazirgul - Endre Bjørgum (uts.) Marius Eriksen - Emil Mona 1-0 Partia er lagt inn i partibasen "Klubbmesterskapet 2007". |
Oppsett andre runde i klubbmesterskapet |
16 Jan 2007 skrevet av asmund |
Andre runde blir spelt 22. januar. Oppsettet blir slik: Matts Eriksen - Lars Lium Åsmund Forfang - Richardson Dayvid Fernandes Bjarne Solstad - Rudi Kilen Vahid Vazirgul - Endre Bjørgum Marius Eriksen - Emil Mona |
Første runde av klubbmesterskapet |
15 Jan 2007 skrevet av asmund |
Resultat frå første runde av klubbmesterskapet, som vart spelt 15. januar: Richardson Dayvid Fernandes - Matts Eriksen 0-1 Rudi Kilen - Åsmund Forfang 0-1 Endre Bjørgum - Bjarne Solstad 0-1 Emil Mona - Vahid Vazirgul 0-1 Lars Lium - Marius Eriksen (uts.) Partia er lagt inn på partibasen "Klubbmesterskapet 2007". Andre runde blir spelt 22. januar |
Grusomt tap mot SMPOAÅ |
14 Jan 2007 skrevet av asmund |
Tapet i dag mot SMPOAÅ i Midtnorgeserien vart styggare enn vi vel hadde venta oss: 4-0 til gjestene frå byen. Men så hadde dei også mobilisert storstilt, med Jens Eilertsen på førstebordet. Så dei skjønte nok at denne kampen kunne dei ikkje ta lett på ... Ingen av våre hadde nokon heldig dag. Matts oversåg eit innslag på f7 alt i opningsfasen av partiet på førstebordet. På andrebordet heldt Åsmund Tormod Ingul til det 20. trekket i Tormods variant av skandinavisk. Men eit par bomtrekk, så var det over og ut. På tredjebord bukka Bjarne ein offiser alt i 9. trekk. På fjerdebordet prøvde Emil seg med ein vel kjapp idé i trekk 14 og stod frå da av til tap. Resultat (Elo-rating i parentes): Jens Eilertsen, SMPOAÅ (2084) - Matts Eriksen, Orkdal (1538) 1-0 Åsmund Forfang, Orkdal (1367) - Tormod Ingul, SMPOAÅ (1692) 0-1 Erling Skjelstad, SMPOAÅ (1556) - Bjarne Solstad, Orkdal (1249) 1-0 Emil Mona, Orkdal (753) - Edvin Dybvik, SMPOAÅ (1570) 0-1 Alle partia er lagt inn på partibasen "Midtnorgeserien 2006/2007". |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 217 218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 Next >>