Kulturmidler |
27 Jun 2007 skrevet av gunnar |
Vi har også i år vært så heldige at vi får tildelt kulturmidler fra Orkdal Kommune. Vi får 1000 kroner i år. Tusen takk til kommunen ! |
Matts sitt parti mot GM Lie |
23 Jun 2007 skrevet av asmund |
Hurtigpartiet Matts spelte mot GM Kjetil A. Lie under Bondeofferet 20. mai, er lagt inn i partibasen "Parti fra GP-turneringer". Matts tapte på tid etter 29 trekk i eit stilling der han stod best! |
Maisjakken avgjort i aller siste parti - og no er det sjakkferie |
04 Jun 2007 skrevet av asmund |
Spenning til aller siste parti i "Konrad"-turneringa Maisjakken. Matts og Åsmund låg likt før siste runde, og dei to hovudkonkurrentane Kjell og Lars dukka ikkje opp. Fem deltakarar denne siste kvelden før ferien. Både Matts og Åsmund stod med tre strake seirar da siste parti kom. Matts kjørte enda ein gong den vriene skotske gambiten med kvit, men sjølv om Åsmund villig gav bort ein kvalitet, fekk han plenty angrep og stod til klar seier. I sluttspelet kunne Matts likevel ha klart remis, men oversåg det. Dermed vann Åsmund Maisjakken samanlagt. SÅ ER DET FERIE I ORKDAL SJAKKLUBB TIL SLUTTEN AV AUGUST. Resultat 4. juni: Åsmund Forfang 4 Matts Eriksen 3 Rudy Kilen 1 Marius Eriksen 1 Shamil Shkalahov 0 Samanlagt: Åsmund Forfang 9 1/2 Matts Eriksen 8 1/2 Lars Lium 4 1/2 Kjell Næssvold 4 (av 4, altså den einaste med full pott) Rudy Kilen 3 1/2 Marius Eriksen 1 Shamil Shkalahov 0 |
Likt i teten i Maisjakken |
28 May 2007 skrevet av asmund |
Fire deltakarar på klubbkvelden måndag 21. mai, til tredje runde med "Konrad"-hurtigturneringa Maisjakken. Dei to i teten, Matts og Kjell, møtte ikkje. Dermed benytta Åsmund sjansen til å gli opp på sida av Matts i samandraget, mens Lars no er på tredje ... Neste runde er 4. juni. Resultat: Lars Lium 3 (av 3) Åsmund Forfang 2 Rudi Kilen 1 Shamil Shkalahov 0 Samanlagt: Matts Eriksen 5 1/2 Åsmund Forfang 5 1/2 Lars Lium 4 1/2 Kjell Næssvold 4 Rudy Kilen 2 1/2 Shamil Shkalahov 0 |
Kunsten å senke to stormestrar ... |
21 May 2007 skrevet av asmund |
Dei tre utsendte orkdalingane til Bondeofferet, i regi av den alltid tiltakslystne klubben SMPOAÅ, sanka bra med poeng i turneringa, Matts fekk til og med møte GM Kjetil Lie over brettet. Han fekk bra spel, men måtte jo gå ned til slutt. Da gjekk det betre for oss under simultanturneringa mot dei to GM-ane Djurhuus/Lie. Ein skåre på 1 1/2 av 3 er brukbart. Åsmund vann sitt parti, og ikkje på tid, han stod faktisk best i store delar av partiet, som du kan spele gjennom frå basen vår "Parti fra GP-turneringer". Der kan du studere kunsten å senke to stormestrar ... Resultat for orkdalingane: Åsmund Forfang nr. 12 (av 26) med 3 poeng (av 6) Matts Eriksen nr. 15 med 3 poeng. Rudi Kilen nr. 22 med 2 poeng. Åsmund har lagt ut eitt av partia sine til skrekk og advarsel på basen "Parti fra GP-turneringer". Sjekk den sluttstillinga! |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 238 239 ... 241 ... Next >>