Nyheter


Lynturneringar i SMPOAÅ - med FIDE-rating

26 Jan 2012 skrevet av Åsmund
SMPOAÅ i Trondheim arrangerer utover våren ei rekke lynturneringar med FIDE-rating.

Les meir - og meld deg på her.

Oppsett for 1. runde langsjakk 31. januar

25 Jan 2012 skrevet av Åsmund
Første runde i langsjakken blir spelt TIRSDAG 31. januar, slik:

Kjell Næssvold - Anders Husdal
Åsmund Forfang - Lars Lium
Matts Eriksen har WO.

Vårturnering + Konrad-turnering

25 Jan 2012 skrevet av Åsmund
Turneringsopplegget for våren blir delt i to grupper: Ei gruppe speler langsjakk, ei anna gruppe hurtigsjakk med 30 minutt på klokka for kvar spelar, etter Konrad-prinsippet.

Konrad-prinsippet er at det står fritt til kvar enkelt å møte opp eller ikkje. Partia blir sett opp etter kven som møter. Altså eit fritt turneringsopplegg der antal parti ikkje er bestemt. Det er også heilt spesielle reglar for poenggiving: 3 poeng for seier, 2 poeng for remis og 1 poeng for tap. Dette siste, med 1 poeng for tap, er ein bonus for å ha møtt opp. Så blir poenga summert ved slutten av vårsesongen.

"Rusten" Anders Husdal til topps

25 Jan 2012 skrevet av Åsmund
Anders Husdals gjeninntreden som aktiv i sjakklubben, under klagerop om å vere "rusten", var nokså vellykka for hans del, mens andre måtte finne seg i litt av kvart. Godt besøkt kveld, for første gong på tirsdag (som altså blir fast speledag), og lynrunde.

Resultat:

Anders Husdal 7 (av 7)
Åsmund Forfang 5
Matts Eriksen 5
Rudi Kilen 4
Lars Lium 3,5
Einar Hoston 2,5
Arne Samskott 1
Sindre Magnus 0

SKIFTE AV SPELEKVELD: TIRSDAG FRÅ NO AV

18 Jan 2012 skrevet av Åsmund
Etter eit utal år med måndag som spelekveld bytter vi til tirsdag.

Same stad: Orkdal vidaregåande skole.
Same tid: kl. 19.00

Velkommen!

<< Nyere 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 Eldre >>

Content Management Powered by CuteNews