Nyheter


Seier i siste seriesjakkrunde - ein heiderleg 3.-plass i serien

13 Mar 2012 skrevet av asmund
Orkdal tok heim ein 3-1-seier i siste runde i årets seriesjakk, på bortebane mot Trondheim 5. Seirane kom på 1., 3. og 4. bord ved Matts Eriksen, Lars Lium og Arne Samskott. Åsmund Forfang på 2. bord tapte.

Partiet på første bord mellom Matts Eriksen og Tore Hauan vart litt av ein batalje som bølga voldsomt fram og tilbake. Matts stilte ved ein anledning seg sjølv i ein direkte matt-situasjon gjennom ein gedigen forglømmelse, men mostandaren kunne nok ikkje drømme om at sånt skulle kunne skje, og såg det ikkje. Og Matts drog altså det lengste strået til slutt.

Med 8 poeng hamna vi på 3. plass av åtte lag, med like mange poeng som lag nr. 2, Trondheim 4, som hadde fleire kvalitetspoeng. SMPAOÅ kom (som venta) på ein suveren førsteplass med 14 poeng.

Tap mot Trondheim 4 i seriesjakken

10 Mar 2012 skrevet av asmund
Det vart tap i heimekampen i dag mot Trondheim. Resultat: 1-3. Remis på 1. og 2. bord ved Kjell Næssvold og Åsmund Forfang. Tap for Lars Lium og Arne Samskott på 3. og 4. bord.

Skifte av rom på tirsdagskveldane

09 Mar 2012 skrevet av asmund
Vi har fått beskjed om å skifte tilbake til det rommet i bygg G på Follo (Orkdal vidaregåande skole) som vi hadde tidlegare. Bygget er blitt radon-klarert. Da flyttar vi altså tilbake til bygg G kommande tirsdag. Også heimekampen i seriesjakken på laurdag går der.

Resultat 4. runde vårturneringa

09 Mar 2012 skrevet av asmund
To parti vart spelt sist tirsdag, berre det eine vart avslutta:
Matts Eriksen - Lars Lium 1-0

Partiet Kjell Næssvold - Åsmund Forfang gjekk til hengeparti og blir avslutta kommande tirsdag.

Runde 4 i vårturneringa kommande tirsdag

02 Mar 2012 skrevet av asmund
Eit utsett parti frå runde 2 vart spelt sist tirsdag:
Matts Eriksen - Kjell Næssvold 0-1

Stillinga etter halvspelt 3. runde:
Kjell Næssvold 1 1/2 (av 3, inkl. WO=0)
Åsmund Forfang 1 1/2 (av 3)
Anders Husdal 1 (av 2)
Matts Eriksen 1(av 3, inkl. WO=0)
Lars Lium 0 (av 2, inkl. WO=0)

Oppsett 4. runde:
Kjell Næssvold - Åsmund Forfang
Matts Eriksen - Lars Lium
Anders Husdal WO

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 171 172 173 174 175 176 177 178 179 180 181 182 183 184 185 186 187 188 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews